Kategorier
Omtalar

Borte Heime Uavgjort

Vi har vore på Hordaland Teater og sett HEIM på sjølvaste premiera.

Vi har vore på Hordaland Teater og sett HEIM på sjølvaste premiera.

Vi hadde forventningar om å få sjå ein lettbeint cabaret fyllt med bygdehumor. Noko som minna om vømmøl, minus vadmel og lurk, og meir ferjer, ferjekø, ferjeleie og ferjekai. Kostymer med sleng og crimplene, scenerom som ser ut som ein heim frå syttitalet med broderte puter, ymse fargar og svart-kvitt-tv.

Fekk vi som forventa?

Heim er sett saman av mange korte historiar og mange musikknummer, og er publikumsfrieri på den bra måten. Det er ingen kleine parodiar eller overdrevne karakterar. Heldigvis. Det er folkeleg og lettbeint alvor, om kvar vi har vore og kvar er vi på veg, om kven vi var og kven vi er. I Bergen, Nordheimsund, Etne, Kleppestø, Ulvik, Odda og Fleichers hotell.

Det er ferjer som aldri kjem. Ferjer som aldri går. Siste ferje som har gått. Eksotisk for Ragnhild frå innlandet. Ingrid kjem jo frå ein kommune med ei ferje. Ragnhild kjøper forresten ikkje at dei gjekk med saueskinnsjakke på Askøy før i tida, det måtte jo ha vore forferdeleg upraktisk. Varmt og blautt. Ingrid, på si side, meiner det måtte ha vore frykteleg upraktisk å gå med slengbuksa utanpå støvlane. Vi har budd lenge nok i Bergen til å vite betre.

Gjensynsgleda med seksti-og syttitalet er sterkt tilstades, i alle fall for dei som er ein generasjon over oss. Allsangfaktoren ligg latent, men det er vanskeleg å synge med sidan vi ikkje alltid tek referansane, anten fordi vi ikkje er frå Vestlandet eller fordi vi er for unge eller begge delar. Men heldigvis var slengbukser òg moderne på nittitalet og vi opplevde ABBA gjennom A-teens. No gler vi oss til episoden om nittitalet. Da kan vi synge med!

-Ingrid og Ragnhild

Følg oss på instagram for å sjå fleire slike bilete!

Legg igjen en kommentar