Da vi debuterte på podkast for ei stund attende, nemnde eg boka «Shakespeare» av Bill Bryson som ei av dei som er verd å lese om ein vil øke teaternerdeskillza nokre hakk.
Til å vere sjølvutnevnt teaternerd (eller det er vel strengt talt på papiret når ein har gått så langt som å ta ein master i faget), må eg innrømmet at kan veldig lite om dei største stjernene. Slik som Shakespeare. Derfor kjem denne boka veldig godt til nytte, fordi den er ei opplysande og kjeldekritiske, men og underhaldande og generelt ei godt skrive bok. Midt i blinken for ein sliten akademikar altså, eller for ein ung og gira student som vil score ekstra akademiske poeng og lese litt meir enn det som står på pensum.
Bill Brysons populærvitskaplege bøker handlar om alt frå heimen til omtrent alt det andre. «Shakespeare» er biografien om biografiane. Om alt vi veit og ikkje veit om Shakespeare og at det ikkje er så lett å vite sikkert kva som er sant eller ikkje som ein man som levde lenge før ein enkelt kunne dokumentere alt og ingen ting med eit enkelt tastetrykk.
Poenget med denne boka er at det einaste vi veit sikkert om Shakespeare er at ein ikkje kan vite noko sikkert om Shakespeare. Mange av biografiane som har blitt skrive om Shakespeare gjennom tidane er mangelfulle og ofte basert på feilinformasjon. Det finnast lite informasjon om Shakespeare som er førstekjelder. Han kom ikkje frå ein adelfamilie, og var eigentleg ein ganske ukjent fyr frå ein småby, og mykje av det Bryson diskuterer er korleis kan det ha seg at han vart så populær både i si samtid og ettertida når vi da og no veit så lite om han.
Boka handlar først og fremst om sjølve livet til Shakespeare, men det er og gitt ein god del rom for det han er mest kjend for: stykka hans. Ein av dei tinga vi berømmer Shakespeare mest for er det innovative og pasjonsfylte språket hans. Han fant på fleire ord for å få ting til å rime og passe inn i dei jambiske rytmane; adverb vart verb og verb vart adjektiv. Men Bryson påpeiker at mykje av det han skreiv gav ikkje meining eing gong; kva betyr eigentleg «swithald footed thrice the old, a nellthu night more and her nine fold» (Kong Lear)? Og sånn kan det gå når mange originalar er tapte og det vi i dag les som Shakespeare er kopi av kopien av kopien.
Denne boka er eit frisk pust blant mykje av det ein les som teaterviter. Problemet med litteraturen i teatervitskap er at det stort sett er bøker skrive for litt for lenge sidan, av kunstnarar/teoretikarar/visjonærar/kisar som berre skreiv ned det dei tenkte, utan å tenke på at dette faktisk skulle vere mogleg å lese for andre, nokre hundre år etter. Det blir fort veldig kjedelig, 0g vanskelig. Og ofte kan ein berre oppsummere heile boka på eit par sider, fordi det er mykje svada og meiningslause anekdotar. Leservennlighet er oppskrytt. Men der er Shakespeareboka grei å ha. Fordi Bill Bryson faktisk tenker meir på lesarane enn seg sjølv når han skriv. Det er humor og godt språk, og dermed blir alt det andre, kjedelige biografiske materialet artig og.
Dette er boka eg skulle ønske eg hadde som bi-litteratur da eg studerte teaterhistorie (men den passar godt til vanleg døyande personar som har lyst til å lære seg meir om Shakespeare og altså).
Har du nokre andre bokanbefalingar for teaternerden? Kommenter gjerne nedanfor.
– Ingrid