I desse dagar er det tredje gongen HF-revyen går av staben. Fyrste året gjekk den oss hus forbi, men vi såg den i fjor – og gjett om dei har blitt betre! Fortsett denne framgangen, har HF den beste studentrevyen i Bergen om nokre år (men da er det kanskje berre zombiar att).
Fyrst vil vi berre slå fast at PR-gruppa til HF-revyen har gjort ein formidabel jobb i forkant av årets revy. Ingen på høgden kan ha unngått å få med seg kryptiske bilete av hestar og sjokkrosa hettegensarar på Sydneshaugen. Og så likar vi gratis vaflar. Det fortener dei ei fjær i barten for.

Det autonome kunstverket er så last year. Ambiens er det nye l’art pour l’art, og det har gjengen i Enden er sær fått med seg. Både med tanke på det lange heste-stuntet i forvegen, og atmosfæren som omkransa framsyninga i tredje etasje på Kvarteret var gjennomført og stilig. Trivelege bart-endarar og rosa detaljar på annakvart antrekk, og ikkje minst eit fantastisk program (som også var billeter-bart). Og ikkje minst: kunne ein nyte eit glas frå bar(t)en inne i salen.
Nedgangstider og undergangsvarsel er i vinden, noko som gjer at det apokalyptiske temaet kjem heilt til sin rett. Alle gjengangarane hadde fått sin plass i manus, og vi fekk servert både maya-kalendar, religiøse domedagskvalar og ragnarokk. Tekstforfattarane hadde gjort ein jamt god jobb i år, med få nedturar og mange godbitar. Men vi sakna den heilt overraskande vrien, og det hadde òg vore fint med eit litt ettertenksamt nummer som får håra til å reise seg på overleppa.

Ein revy skal gjerne ha ein raud tråd, i denne revyen finn vi tre – like greitt å heilgardere seg. Barten går igjen, hesten og Djengis Khan. Og den grå lillehammerjakka er alltid like flatterende på ei scene. Så det var vel fire tråder her! Ein skulle tru at dette blir rotete, men her har regien orden i strikkesakene.
Jevnt over er skodespelet godt og truverdig, narkoknekken i knea er så å seie autentisk, skulle tru dei hang fast i Nygårsparken. Men heldigvis kan dei meir enn berre narkoknekk; vere strenge generalar, bygge teppefort og det er ingen tvil om at gud er ei kvinne i ein seksi, raud kjole. Vi skulle gjerne sett at skodespelarane stolar meir på vitsene sine, for dei er gode (vi lo faktisk i kvar sketsj), dei må berre ta seg tid til å levere punsjlines, dei forsvinn fort i grøten.

I år som i fjor var bandet noko av det beste i heile revyen. Dyktige musikarar, dansbar(t)e låtar, og kvar fann dei den fyrstegitaristen? Det er ofte dei som driv tempoet framover, og syter for at entusiasmen sitt laust hjå tilskodarane alt før sketsjen har starta. Men mange av songnumra blir dessverre i seigaste laget, noko skrivegruppa bør tenke litt på før dei tyr til kvar einaste klisjé i songboka. Melodiane kunne òg med fordel ha vore lagt opp både ein og to tonar – at skodespelarane kjem så djupt ned på øving betyr ikkje at dei bør synge der. Dei fleste let både penare og treff tonen betre litt høgare i registeret, og sidan alle hadde mygg er ikkje mangel på trykk nokon orsaking.
Dette er absolutt ikkje den dårlegaste revyen vi har sett, og med føresetnadene denne gjengen har hatt tek vi meir enn gjerne av oss barten. Bra jobba! Reknar med å få sjå att høgdepunkta når vi treffast att for post-apokalyptiske saft og bollar i desember ein gong. Til neste gong tipasar vi om å heve opp scena eit hakk og la heller publikumsamfiet vere litt lågare, da ser alle litt betre.


– Luigi og Mario