Så skjedde det. Dei gråhåra damene fremst på parketten fekk med seg litt real penis-i-øret-action. På ordentleg. På DNS.
Vi har med andre ord sett framsyninga som skal ta oppgjer med Disney og normalitetstyranniet. Den med aktørar som snakkar oss rett i fjeset og seier at dei er deprimerte, den eine meir enn den andre. Den med korte folk og lange folk og ei stor havfrue i lær. Framsyninga som skal røske litt i oss pietistiske nordmenn.
Dei to deprimerte hovudrollane vi treff i starten, dreg oss med inn i sitt eiget, alternative Disney-univers (Discy, for ordens skuld) – kanskje litt meir eventyr kan fylle tomrommet og erstatte antideprisiva? Det er her vi blir introdusert for «dei andre» – dei med eventyrlege kroppar som ikkje går inn under normalitetsomgrepet vårt.
Dette aspektet var noko vi tenkte litt på på førehand – for kva type møte med funksjonshemma på scenen ville vi få? Stereotypt nok såg vi for oss ca tre moglege variantar:
1) Sjå på desse flotte individa! Sjå på kor flinke dei er til å gå rundt på scenen, og kanskje synge litt eller ha på seg søte kostyme. Det er viktig å hugse at du kan vere lukkeleg/ein fargeklatt i samfunnet sjølv om du er litt kort/sit i rullestol. Mammaen deira er såå stolt.
2) Slutt å vere fordomsfull! Dette er menneske, akkurat som oss funksjonsfriske. Slutt å sjå rart på dei, ta dei på alvor, ikkje la utsjånaden deira definere din oppførsel, du svake menneske.
3) Freakshow!
Så – kva variant gjekk regissør Christian Lollike for? Tja, litt av alle tre. Fyrst fekk vi dei presentert ein etter ein, dei synte seg fram i ganske vanlege klede, og oppførte seg ganske vanleg. Vi sette latteren i halsen, vi kunne jo ikkje halde fram med å skratte – da skratta vi jo av dei. Eit par av dei gjorde små triks og vi klappa litt ekstra da han i rullestol endeleg fekk tak i mikrofonen på tilsynelatande strevsomt vis. Så fekk vi oss ein dose freakshow – som for øvrig inkluderte også dei funksjonsfriske aktørane i høgste grad – og rare, fordomsfulle, komiske og litt vulgære karakterar kom som perlar på ei snor. Det var eigentleg litt frigjerande, og vi kunne le av alt det morsomme aktørane gjorde og sa – men også litt av at det er litt komisk i seg sjølv å crowdsurfe ein veldig liten supermann inne på DNS. Etter kvart vart vi ført over i punkt 2-fasen, der vi kom litt over annerledeskroppen og vart vant til det.
Men det var jo langt frå berre dette aspektet denne framsyninga dreide seg om. Det var dette perfeksjonsjaget da, med vaksne som knaskar piller og kjenner seg tomme innvendig, medan ungane blir plassert framfor tven med Disney-filmar med sine tvilsame rollemodellar og i det heile tatt. Det viser seg at det sceniske Discy-universet heller ikkje klarar å innfri, og ein av hovudrollene forsøker stadig å iscenesette situasjonar der han kan «føle noko» utan å lykkes. Korjke Edna-terapauten, fistfucking av Bambi eller henretting av ein «spastikar» gjer nytten.
Nestan litt deprimerande faktisk, ikkje det mest strategiske stykket å sjå for unge humanistar delvis «inbetween jobs» – er dette den lysande framtida vi har i vente? Heile denne seansen på slutten fekk òg ein slags ekstra dimensjon for oss – også når det kjem til dei sceniske verkemidla er vi litt blaserte. Vi er ikkje i stand til å kjenne så mykje av provoserande handlingar på scena, ikkje ein gong penis innsmurt i teaterblod som luftjokkar øyret til ein i rullestol vekker dei store kjenslene. Kva skjedde? Kjem vi aldri til å la oss sjokkere igjen? Vi velger å skulde på Vinge/Müller og Thomas Ostermeier.
– Ragnhild og Ingrid
All my dreams come true. Tekst og regi: Christian Lollike – Scenografi: Rufus Didwiszus – Kostymedesign: Ulrike Gutbrod – Lysdesign: Mathias Hersland – Medverkande: Marie Louise Wille, Morten Burian, Henriette Dinesen, Kristian de Linde, Carsten Mathiesen, Mikkel Lund & Andreas Petersen. Foto: FIB.
Spelast på DNS Store scene i dag, torsdag 29. mai kl 19.30.