Kategorier
Omtalar

Alien – eit vellukka hastverkshøyrespel

Kor bra er det mogleg å gjere ei teaterframsyning av Alien på tre dagar? Frontlosjeherrar tok med seg Frontlosjen på ei stappfull og intim Lille Scene på DNS for å sjå. Du vil tru kva vi fann ut.

Då det vart klart at sjølvaste Alien vart sett opp på DNS, var det ikkje nokon tvil om at dette var årets store teaterhappening. I det minste for frontlosjeherrane.

In space, no one can hear you rabbit. Laugh.

Alien_utanfor2

Kor bra er det mogleg å gjere ei teaterframsyning av Alien på tre dagar? Frontlosjeherrar tok med seg Frontlosjen på ei stappfull og intim Lille Scene på DNS for å sjå. Du vil tru kva vi fann ut.

Stemninga var lagt for noko mørkt og stemningsrikt, med djupe tonar som introduksjonsmusikk. Skodespelarane var i utgangspunktet òg klar for noko dystert og spenningsdirrande, ikkje ulikt originalfilmen.

I filmen fekk ein oppleve at sjølv om framtida har fører med seg mykje ny teknologi, ville ting framleis vere godt brukt, slite og utdatert. Dette hadde ein ikkje gløymd, og det meste såg både slite og godt brukt ut i oppsettinga, jamfør dette golvet:

Alien_golv

Med tanke på at ein berre hadde hatt tre dagar på seg på å førebu seg på framsyninga, var mange av dei «vanskelege» scenene løyst på ein god og ofte kreativ måte. Her var det gjort veldig mykje med veldig lite. Ein favoritt, både hjå oss og resten av publikum, var sekvensen der ein finn mystiske egg på ein framand planet. Det gjeld både egga, andletsklemmaren og brystsprengaren.

Scenerommet var elles ganske rekvisittlaust, med unntak av nokre stolar, litt rom-utstyr, grytehansken frå helvete og eit overraskande stødig bord. Romskipsromma og -gangane var løyst med ei snedig Dogville-løysing som ein kan sjå på biletet over. Romskipsdørene – med sine karakteristiske PKSCHHHHH-lydar – var òg representert, om enn på ein meir analog måte enn i originalen.

Det er ikkje enkelt å gjenskape den dystre stemninga i ein romgrøssar som Alien, og då var det eigentleg befriande at framsyninga heller var prega av humor og latter frå salen. Ein kunne ikkje ha køyrd ei slik Alien-oppsetting på DNS utan ein solid dose av glimt i auget, og dei par feilstega som vart opplevd undervegs kunne like godt ha vore planlagde – det gjorde handlinga desto meir morosam, spesielt om ein har eit forhold til filmen frå før.

Latter til trass, nokre sekvensar var beint ut spennande og haldt godt på stemninga. Ein skulle ikkje tru dei berre hadde hatt tre dagar på seg. Vi ville tippa minst fem. Karakter: kjøle moro, meir av dette.

Obligatorisk dassfoto:

Alien_dassfoto

Med tanke på kor mykje popcorn Frontlosjen gafla i seg, køyrer vi ein kvalifisert gjett om dei er samde med oss.

Alien_popcorn

Det var berre mogleg å sjå Alien ein einaste gong og det var 28. november på Lille Scene. Oppsetting var av Over Engen – et nytt teatralsk vorspiel på DNS.

Alien_web-15

5 filmar dei kan ta for seg til neste år:

  • Aliens
  • The Thing
  • Die Hard
  • De dødes tjern
  • Kon-Tiki

 

Bonus-posing

Alien_utanfor3Alien_web-5Alien_utanfor4 Alien_utanfor1

– Frontlosjeherrar