Kategorier
Omtalar

(Ærleg og fordomsfritt) homosvin!

Hordaland teaters sjølvforrakt er forestillinga vi alle burde sjå ein gong i blant for at verda skal bli ein betre stad.

Jonas er eit homosvin, kompisen Benjamin er usikker på om han og synast det, eller om Jonas eigentleg er noko ansleis enn alle dei andre, eller om Benjamin kanskje er det sjølv og – eit homosvin altså.

image003

Dei siste vekene har Hordaland teater turnert på ungdomsskulane i distriktet med framsyninga Sjølvforakt. Scenografien er enkel: eit raudt golv kor stygg-orda om jonas skrivast. Det er ein reindyrka regi og dialogen er det bærande elementet. Eg er alltid fan av at det er mykje å kvile augane på, andre ting enn tekst å finne innhald i, men denne gongen var det det fint at det var så strippa, slik at alt fokus kom på den sterke tematikken. Dette var absolutt riktige måte å gjere det på, slik at andre uvesentlege ting ikkje kunne ta vekk fokus.

Sjølvforakt er ei fordomsfri og ærleg framsyning ein (som ungdom) helst burde sjå eit par gonger i året, for å minne seg på kor fordomsfulle, hatske og jævlige ein kan vere mot kvarandre. Dette er forestillinga som minnar oss på at mobbing, på grunn av etnisitet, utsjånad, legning eller liknande ikkje har tatt slutt heilt enno, men at vi alle må gjere det vi kan for å bli opnare menneske, mindre fordomsfulle og redde, slik at alle får høve til å vere den dei er utan å bli dømt av nokon. Da blir verda ein betre stad å vere på for alle.

Framsyninga stillar dei riktige spørsmåla om tematikken, for målgruppa. Og igjen evnar Hordaland teater å lage teater som gjer at ungdomen kan tenke, evaluere og ta eit val ut fra.

Moraliserande og etisk korrekt konklusjon av meg kanskje, men eg ventar fortsatt på den dagen at det å komme ut av skapet er eit utdøydd uttrykk, fordi alle skal kunne ha den legninga dei vil utan at det er ein big deal.

image006

Sjølvforakt:

Tekst – Tomas Lagermand Lundme, regi – Anders Lundorph, Aktørar – Sveinung Oppegaard og Igor Necemer, foto -Tor Erik H. Mathiesen

-Ingrid