OM FRONTLOSJEN

Frontlosjen er Bergens sjølvutnemnte scenekunstsupportarar. Fordi eit godt miljø bidreg til betre kunst!

frontlosjen.com vart skipa av teatervitarane Ragnhild Gjefsen og Ingrid Saltvik Faanes vinteren 2012. Vi jobbar aktivt med å støtte opp om og synleggjere breidda i scenekunstfeltet. Frontlosjen spring ut frå vårt grunnlag som barneteaterveteranar, dramaelevar, studentar og ferdigutdanna teatervitarar.

Begge har mastergrad i teatervitskap frå UiB. Ragnhild er stipendiat i teatervitskap ved LLE, UiB. Ingrid jobbar på billettkontoret ved Den Nationale Scene og er frilans produsent.

Frontlosjefestivalen

Så klart har vi vår heilt eigen festival. Den kan du lese meir om her.

Supportarverksemd

Frontlosjen engasjerer seg i paneldebattar og skriverier, og jobbar slik med akademisk og kulturpolitisk formidling i kvardagen. Vi har vore frivillige på fleire festivalar, mellom anna som faste festivalbloggarar på Teaterfestivalen i Fjaler – vår tredje heim.

Vi er utstyrt med byens kanskje beste sjølvie-arm, og deler gjerne bilete frå kule arrangement i some.

Engasjement og kunnskap treng ikkje vere kjedeleg – heia scenekunsten!

Bloggarkiv

Prosjektet starta som ein supporterblogg for scenekunst, og de kan framleis finne bloggarkivet på våre sider. Frontlosjen har vore ein livsstilsblogg snarare enn ein side med kritikkar og analyse – fordi scenekunstverda er så mykje meir enn den enkelte framsyninga. Som ein uavhengig nonprofitt-blogg har vi skrive om kva vil vil, men alltid merka innlegg dei gongane det har vore relevant (når det handlar om ting vi jobbar med, eller når vi er festivalnbloggarar).

– Ingrid og Ragnhild

Følg Frontlosjen i sosiale media. Brukarnamn: frontlosjen

unnamed-3   unnamed  snapcode

2012-10-21 10.02.50