Du har allereie blitt introdusert for korleis det var å gå underdressed på teater. I dagens episode presenterer vi korleis det var å gå overdressed.
Ragnhild: Eg likte tanken på å gå overdressed, men det var sjølvklart min tur til å gjere det den kvelden vi skulle på teater langt uti huttiheita (dvs vi måtte gå i 20 min). Men likevel insisterte eg på å kle meg opp med fine sko, dei kunne jo berre ligge i veska på veg til lokalet. For å framheve mitt flotte lilla bentøy gjekk eg for ein stilig grå, ettersittande kjole. Ikkje så prangande, men heilt tydeleg ikkje kjøpt på ein billig kjedebutikk. Eg fann òg eit smykke eg brukte på eit juleball på vidaregåande, og såg rett classy ut.

Det vart flaut. Vel framme hang eg frå meg ytterklær og bærenett og fiska fram ei lita veske eg openbart ikkje hadde bruk for på Wrap-huset. Eg var heilt malplassert blant eit praktisk kledd BIT-publikum, men det verste var at eg ikkje ein gong fekk gjennomført overdressed-konseptet. For vi måtte sette att skoa ute i gangen. Dermed enda eg opp med å åle meg på plass i det enkle amfiet i upraktisk trong kjole og iskalde tær – eg hadde jo ikkje ein gong sokkar på. Flaks at Ingrid var villig til å sette seg på golvet, det hadde vore heilt umogleg for meg. Eg trudde eg kom til å kjenne meg fin og kul. Eg enda opp med å gøyme meg bort, og lukkast ikkje ein gong med å vere overpynta.


Ingrid: Å kle seg overdressed er enkelt, så å finne antrekk til denne episoden var null stress tenkte eg. Men her følte eg problemet var motsatt fra underdressed – eg hadde for mange kjoler å velge mellom. Men til slutt falt valget på ein svart kjole med frynser, det er liksom ikkje noko tvil om at ein har kledd seg opp med den. Eg matcha med grøne øyredobber og 11 cm hæler, samt glitteraugenskugge og høgsåte. Eg tenkte å krølle håret òg, men det var ikkje noko vits i regnet.

Da eg kom til småscenen måtte eg først ta av meg skolettene mine og på med penskoa. Det var litt flaut, kvifor skal eg skifte sko når eg skal på teater, lizzm? Dessutan føltes det som alle stirra på hælene mine når eg gikk ned amfiet for å finne meg eit sete (eg vil jo sitte så langt fram som mogleg). Eg må innrømme at eg føler meg meir vel i kjole enn hettegenser, men eg trur eg vart meir lagt merke til denne gangen. Forhåpentlegvis trudde dei andre at eg berre skulle på fest seinare på kvelden.

Følg med neste veke for siste episode i what not to wear.
– Ragnhild & Ingrid