Kategorier
Festival Livsstil

Vegard Vinges guide til eit større EGO

Endeleg ein guide til eit større EGO

I følge romantikarar må det eit geni til for å skape stor kunst. I følge oss kjem geniet med eit stort ego. Scenekunsten er den evige kampen mellom det apollinske og det dionysiske. Mellom geniet og egoet.

Og om du ikkje kan få det eine utan det andre – kanskje det òg betyr at ein kan få det eine ved å tileigne seg det andre? Så til alle dei aspirerande kunstnargenia der ute: vi gir dykk Vegard Vinges guide til eit større ego.

 

Lag stor kunst. Bokstavleg talt.

Skap deg ein hype. Gjer det motsatte av det som er forventa.

Bygg ein katedral.

Repeter.

Slepp alle hemningar.

Brief med (musikk)kunnskapane dine.

Gå i baris, la folket sjå kassa di.

Stå på skuldrane til store dramatikarar.

Ver aktør i eigne produksjonar. Ta meir plass enn makkeren din. Og alle andre.

Skaff deg far- og/eller morskomplekser.

Stopp framsyninga, med mindre nokon tek med seg bæsjekunsten din heim.

Vis at du har så mykje å by på at det ikkje er plass til det innan normale rammer. Bli avbrote, mist stønaden.

Drit i det. Bokstavleg talt.

Alle bilder er frå framsyninga av Panini-BoysRoom søndag 25.mai.

-Ragnhild og Ingrid

Legg igjen en kommentar