Sommaren er i full gong og teatra har stengt for sesongen (og Frontlosjen har teke ein ymse sommarferie òg), og da kan det bli lett å kjede seg. Når det gjeld vêret er eg aldri optimistisk, men sjølv om eg fortsatt har trua på at dette blir ein sommar med mohito eller milkshake i kveldssola og evigvarande saltvannskrøllar, er derfor det alltid lurt å ha ein plan b. Eg har tenkt å sjå filmer som er basert på Shakespeare-stykker, det finnast fleire enn vi kan rekne på to hender (og føtter). West side story og Romeo & Juliet med Leonardo er sjølvsagte, men eg gir deg eit knippe andre personlege favoritter du kan sjå!
Ran (1985), basert på Kong Lear
Dette er vel heller ei åtvaring om at du heller bør prioritere andre filmer. Til tross for mange vakre scener, storslagen natur og passande musikk er denne filmen noko av det mest langdryge eg har sett (bortsett frå Ringenes Herre), så er ikkje dette ein film å kose seg med ein sommarkveld. Aldri har Shakespeare vore kjedeligare i mine auge, sovner berre eg ser traileren.
O (2001), basert på Othello
Denne filmen er kanskje den på lista som er tydelegst adapsjon frå originalstykket, men den beviser igjen den evig aktuelle tematikken hjå Shakespeare. Kjærleiksdrama på ein high scool gone wrong. Eg hadde skikkeleg crush på Josh Hartnett da han var med i Pearl Harbor ca. samme år, eg skjønar i grunnen ikkje kvifor, han som speler O (Othello) er jo mykje kjekkare!
Reisen til Melonia (1989), basert på Stormen
Ok, det ville vel vere å lyge om eg seier eg har sett filmen, men eg følar nesten at eg har gjort det. Kan ha noko med at plakaten hang på veggen i Ragnhild sin første bolig. Dessutan er ein av mennene som har gjort svensk film så innmari bra med, komponisten Björn Isfält. Han har laga musikken til mellom anna Brødrene Løvehjerte, Ronja røverdatter, Änglagård og ikkje minst (den vakraste filmen eg veit om) Mitt Liv som Hund. Da må den jo berre vere bra!
Løvenes Konge (1994), basert på Hamlet
Dette er kanskje ein vag adapsjon, men linken er der absolutt, onkelen drep faren til prinsen for å bli konge sjølv. Joda, det minnar nok mistenkeleg om eit Shakespeare-stykke. Og Mufasa i himmelen kan og minne veldig om eit gjenferd vi finn i dette stykket. Dessutan er filmen verdt å ha med seg i seg sjølv, søstra mi storgrein då ho såg den på kino som treåring, eg begynte å grine fordi ho grein og sidan har tårane stadig trilla når eg ser han.
10 ting jeg hater ved deg (1999), basert på Troll kan temjast
Oppegående lesarar har nok fått med seg at Frontlosjen <3 10 ting, og Heath Ledger ikkje minst. Eller, han er ikkje så heit i alle andre filmer, men det er noko med han i denne filmen som får hjartet til å smelte kvar gong, til trass for magetoppen og platåskoa til Julia Stiles. Filmen er ein akkurat passe subtil adapsjon, men vi finn mellom anna ein tydeleg link, i og med at karakterane heiter det same som i Shakespears drama, Bianca, Katherine, Patrick. Du får ikkje lov å gå ut frå sida før du ser denne videoen!
– Ingrid
3 svar til “Shakespeare vs. milkshake”
Huskar Ran med glede frå gamle dagar!
Kanskje det går i arv? Eg likar den òg, men Ingrid synest den var frykteleg saktegåande.
Bra eg kan kose meg med 10 ting jeg hater ved deg i staden!