De trudde kanskje at den store godteritesten hadde førtidspensjonert seg? Neida, vi måtte berre gjere så mykje anna inni mellom. Denne gongen testar vi Lakrisbåtar.
Kor mykje det bråker: Berre posen, så lurt å opne før showet startar. Lakris bråker ikkje
Mengde: Litt for mykje, fint å dele om ein er to
Pris: Over 30 kr, kanskje litt mykje for ein fattig student
Smak: Akkurat passe søtt og akkurat passe mektig lakrissmak
Korleis det påvirker teateropplevinga: Gjer det i alle fall ikkje dårlegare. Det smeltar på tunga og ein merkar nesten ikkje at ein et på noko
korleis ein kjenner seg etterpå: Bra. Lakrisbåtar er undervurdert snop, på generell basis
– Sånn ser Ragnhild ut når ho et lakris.
– Sånn ser Ingrid ut når ho et lakris.
Konklusjon: Lakrisbåtar er jo digg! Kvifor har vi ikkje tenkt på det før? Det bråkar ikkje og det godteriet gir ei heilhetleg, ambient oppleving. Posen er akkurat stor nok til to personar ved forestilling med pause.
– Ingrid og Ragnhild