Kategorier
Livsstil

I want … Knott

Funkar krott som teatersnop?

Ein klassikar på kino. Små drops ein kan ete store mengder av, som passar for alle i familien. Trur vi. Men passar det i teateret?
Her er dommen:
Kor mykje det bråkar: Ikkje sånn kjempemykje – knott er litt mjuke, og knasar derfor ikkje når ein tygg dei. Men posen er jo av plast, noko som gjer det vanskeleg å forsyne seg diskret.
Mengde: Alt for mykje. Vi var småkvalme alt før framsyninga starta.
Pris: OK, passe for to.
Smak: Knott er unekteleg godt. Men dei kunne godt ha kutta ut dei kvite dropsa og heller hatt fleire av dei grå-brune. Litt einsformig.
Korleis det påvirker teateropplevinga: Det påverka positivt på den måten at det litt gjekk an å ete det ein hadde i neven utan større anstrenging. Ikkje var det flaut å ha det med seg heller, sidan det er ein klassikar alle kan gå god for. Men etter ei stund var vi fulle av kliss og hadde godteri i alle jekslar. Da var det ikkje så stas meir.
Korleis ein kjenner seg etterpå: Kvalm og klissete. Kven skulle ta med seg resten heim? Ingen ville.
Konklusjon: Hadde trudd dette kunne bli ein vinnar, men det vart det altså ikkje. For mykje kliss, rett og slett. Styr unna Knott i situasjonar der det blir liggande for lenge i handa.
– Ragnhild og Ingrid