Kategorier
Livsstil

I want … kamferdrops

Funkar kamferdrops som teatersnop?

Første godt ut i den store teatersnop-testen er kamferdrops. Vi tek fordommane på ordet, det er jo berre gamlisar som går i teatret, og gamlisar et kamferdrops. Fortener kamferdrops ryktet sitt?
Kor mykje det bråker: Ganske lite. Berre når du tek det ut av posen
Mengde: Alt for mykje til at du greier å ete opp det. Posen blir liggande i veska vekesvis etterpå og dropsa smeltar saman. 
Pris: Passe.
Smak: Det smakar i grunn berre sukker med ein twist av noko uidentifiserbart. Litt kvalmande.
Korleis det påvirker teateropplevinga: Det er greitt å ha noko å sutte på som varar ei stund, slik at ein slepp å gafle i seg. Men det påverkar nok ikkje opplevinga særleg.
Korleis ein kjenner seg etterpå: Heilt ok.
– Kamfer, noko for meg?
Konklusjon: Kamferdrops blir nok ikkje ein slager, men vi seier ikkje nei viss vi blir tilbudt eitt drops av gamlisane på rada bak oss.
– Ingrid og Ragnhild