Kategorier
Frontlosjefestival Livsstil

Fordelane med å sitte på første rad

Er du redd for å sette deg på første rad på teaterforestillinger? Etter å ha lest dette vil første rad bli din faste plass!

Det finnast to typar teaterpublikumarar her i verda: Dei som helst sitt på første rad og dei som helst ikkje gjer det. Vi i frontlosjen høyrar til den første gruppa, men dessverre er vi ein minoritet. Dette har vi tenkt å gjere noko med: frå no av blir det full krangling om plassane på første rad.

Vi startar ganske lett. Det første argumentet for å sitte på første rad er at du (mest sannsynlig) kjem deg fort inn og ut av salen. Også er det ein fordel i evakueringssituasjonar (om dørene er nede).

Det opplagte er at det sitt ingen høge mannfolk foran deg som forstyrrer synsfeltet når du sitt på første rad. Eller det kan vere det, men i så fall er dei på scena og det er jo dei på scena du er der for å sjå på uansett.

Teater i fugleperspektiv er best! #festspillene15 #nygårdsparken #fri

Et bilde publisert av Frontlosjen (@frontlosjen)

 

Du ser betre. Så det er ingen krise å legge att teaterkikkerten heime. Eller brillene forsåvidt. Du får med andre ord med deg alle detaljane som dei som sitt bakerst ikkje veit er der eingong. 

Nærkontakt og augekontakt med aktørane er det og stor sjanse for! Og om du kjenner for å flørte litt ekstra med dei, så kjenner dei deg att og vil henge med deg i baren etterpå. 

Få dine 15 seconds of fame! Ved å bli tatt med opp på scena, er det stor sjanse for at du kan imponere publikum med dine danseskills eller om du har to sjokoladepengar få vere på seilas med over frå limboet i skjærselden (eller noko) til dødsriket!

Ofte får ein ting frå forestillingar som blir fine souvernirar du kan sette på hedershylla i heimen: 

#spenol #kavring #bluemotel #lisalie #fjortisidol vi ikkje aner namnet på Et bilde publisert av Frontlosjen (@frontlosjen)

 

Den aller beste gulrota ved å sitte på første rad er at sjansen for å få servering er stor! Det kan vere hjarteforma drops, eller vodkashots frå austeuropa eller makroner frå Nora. Dette må du aldri seie neitakk til!

 

Fordelen med å sitte på første rad: ein får godteri frå skodespelarar. #estoff #deutschestheater

Et bilde publisert av Frontlosjen (@frontlosjen)

 

Men det viktigsate: sjå og bli sett! Slik som kongen i Frankrike!

 

Ragnhild og Bembo matcher på #happygorillapowernapshop #oktoberdans

Et bilde publisert av Ingrid Saltvik Faanes (@ingridalgoria)

Viss du fortsatt er skeptisk, kan vi trøste deg med at sjansen for at du blir utsett for noko farleg eller skummelt viss du sitt på første rad under Frontlosjefestivalen er ganske liten, skal vi tru aktørane sjølv.

Legg igjen en kommentar