Kategorier
Kvardagsglimt

What not to wear, konklusjon

Og moralen er:

No har vi i to episodar vist deg korleis det er å gå både underdressed og overdressed i teatret. No er det dags for ein konklusjon – kva av motpartane var best?

Underdressed: Komfortabelt reint fysisk, men ikkje mentalt. Det er ein grunn til at vi likar å pynte oss! Dessutan var det ingen som la merke til det, så dette er nok ikkje noko vi kjem til å fortsette med.

Overdressed: Føler oss meir vel i kjole, men veldig upraktisk med stram kjole og høge hælar (som ein ikkje får nytte). Trur folk faktisk stirra meir på oss denne gongen.

Dommen er klar, verken den eine eller det andre fungerte best. For å friske opp i minnet visar vi deg kva vi prøvde (og det funka dårleg):

Men kva skal ein eigentleg gå med da? Fortvil ikkje. Vi gir deg to forslag du absolutt ikkje bør følgje og eit du gjerne kan følgje.

Du vil nok føle deg litt beglodd på teatergarasjen i dette antrekketover the top

MONIQUE LHUILLIER evening dress, Dune silver heels, Alexander McQueen clutch handbag, Colucci Diamonds white gold earrings, LE VIAN blue topaz diamond ring, Diamond necklace, Yves saint laurent lipstick
Ser du sånn ut bør du ikkje gå i teatret. Punktum.
Skivebom i teatret
Wildfox Couture cropped tank top, R13 jean jacket, Prabal Gurung printed pants, Loeffler Randall clog, Rucksack bag, Gauge jewelry, Rubber jewelry, Cap hat
Kvardagspynta, slik likar vi deg.
– Ragnhild og Ingrid

4 svar til “What not to wear, konklusjon”

Overdressed er topp på teater! Digger når de gamle bergensfruene stirrer 😛
natta, fra en trøtt Ane

Eg skal vere einig i at overdressed er betre enn underdressed, det er derfor vi alltid går med pels i teatret. Dessutan har jo dei gamle bergensfruene ein tendens til å vere litt overdressed sjølv.

Det er stengt for kommentarer.