Kategorier
Kvardagsglimt

Vi glær oss!

I byrjinga av semesteret nemnte vi kva framsyningar vi såg fram til i BIT-våren. Ein av dei, Rimini Protokoll, innfridde så til dei gradar, medan rituelle heklafitter viste seg å ikkje vere vår greie. Så no er vi veldig spente på framsyninga som i neste veke står for sesongslutten til vårt internasjonale teater – Life and Times – Episode 1 av Nature Theater of Oklahoma.

Sidan vi flytta til Bergen har Nature Theater of Oklahoma gjesta BIT to gongar, den første var i april 2008. Ingrid synast å hugse at ho såg denne. No Dice heitte forestillinga, var det ikkje her vi fekk utdelt dr. pepper? Men meir hugsar eg ikkje – eg var jo så ung og dum.

Førre gong var under Meteor i 2009. Med forestillinga Romeo and Juliet, denne hugsar Ingrid betre. Tematikken var noko som at «alle kjenner jo historia om Romeo og Julie, men gjer eigentleg alle det?» Ein av dei tinga Nature Theater of Oklahoma er mest kjend for er å basere forestillingane sine på telefonsamtalar, denne gongen var det med diverse folk som hadde gjort si eiga gjenforteling av den kjende historia, kor på at skodespelarane framførte ein tro gjengiving av telefonsamtalane. Forestillinga var morsom og engasjerande, det var artig å sjå kor forskjellig folk hugsar denne forteljinga, sjølv om den er ein av den mest kjende i verda.

Den siste veka har vi stadig sett omtalar og reklame for Life and Times – Episode 1 , sidan forestillinga går på Back box i Oslo i desse dagar. Men vi les dei ikkje – det er så artig å kome med litt blanke ark. Det einaste vi veit, er at dei også denne gongen har slått på tråden og baserar forestillinga si på telefonsamtaler.

OMG – no har vi ring meg på hjernen!

– Ingrid og Ragnhild

 

(Innlegget er skrive på oppfordring av BIT Teatergarasjen)