No har verda starta igjen etter sommerdvalen. Folk i fadder-t-skjorter dukkar opp ved kvar eit gatehjørne. Det er ikkje sååå mange turistar på bryggen lenger (eller ikkje). Vi har pusta liv i Sats-medlemsskapet (eller ikkje). Det er med andre ord på tide å starte teaterhausten.
I ekte skulestart-and har vi alt byrja å draume om alt det kommande semesteret skal innehalde. Her er planane våre:
Sjå sjå sjå
Som vanleg har vi eit konkret mål om å sjå så mykje teater og scenekunst som mogleg. Vi kan knapt vente til sesongstarten på BIT Teatergarasjen 28. august (vi diggar TgStan!!), men medan vi ventar kan vi heldig vis ta turen innom Far, far away helga før. På institusjonen har vi planar om å få med oss både Vaffelhjarte, Medealand og RusLab, og kanskje vi vågar oss ein tur på Hellemyrsfolket i tillegg. Stor stas blir det òg med Oktoberdans, og vi gler oss til å meske oss i samtidsdans ei heil veke – for vi har neppe fått nok etter ei helg med En samling dansekunst på Cornerteateret.
Verdt det?
Forbrukarinformasjon er viktig. Og i vår verd er det ikkje berre framsyninga som skal ha omtale – for ei god teateroppleving består ofte av så mykje meir, spesielt i godt lag. Det er høve for noko godt i glaset på dei fleste teatera i Bergen by, men er det eigentleg verdt pengane? Vi sjekkar ut barfasilitetane til eit utval av byens scener – følg med!
Stereotypvarsel
Kven er det som går i teatret eigentleg? Reint bortsett frå oss, teaternerdane. Går alle typar på eksperimentell performance, kven er det vi finn i salen på store scene på DNS? Vi prøvar å finne ut av teaterpublikumstereotypane, slik at du a) blir redd for at du skal skilje deg ut og blir ein stereotyp sjølv, eller b) tenker «jess, eg er unik og kan ikkje puttast i ein bås.
Teatral trening
Kvar gjer ein for å halde på helsa når treningsstudio og stoltzekleivar ikkje freistar? Som teatervitarar og kulturkjerringar skal det meir til for å bryte ut i lett jogg, og vi mistenker at det gjeld fleir enn oss. Men fortvil ikkje! Vi tek på oss ansvaret for å teste ut eit knippe treningsformar som byr på rørsleglede for ein kvar teatergjengar.
Kva er dine planar for teaterhausten?
– Ragnhild og Ingrid