08.00: I vår private innlosjering i Dale har Ingrid fått utdelt eiget bad til og med. Minst like bra som hotell!
09.00: Vi hoppar glade og lukkelege bortover vegen mot frukost.
10.00: Denne frukosten er betre enn på hotell. Festivalstemningen er allereie høg!
11.00: Vi snik oss inn mellom barnehageborna på Hordaland teaters Heksestrekar.
12.00: Vi testar ut festivalkafeen i det gamle kommunehuset og som observante lesarar kommenterte så burde trappa vaskast. Vi utfører inspeksjon med festival-ildsjel Torkil og er einige: det er på tide å vaske trappa.
13.00: bytur: Vil lokaliserer det gamle folkebadet. Kjøpar ferdaminner i Dalsbua. Tek ei vaffel på Allmuen. Småpratar med Jan Haugen som står og hoggar i ein stubbe. Det var ikkje ein festival-installasjon/performance, men rett og slett førebuing til opninga av festivalen seinare på dagen.
14.00: Matbonanza fortsett. Vi finn praktikanten vår, Tina, og et lunsj i lag. Festivalstemningen blir berre betre og betre.
15.00: Tina handlar råvarar til rekvisitter. Det var visstnok hemmelg kva det skulle brukast til, men at vi kanskje fekk avslørt det seinare på kvelden.
16.00: Enda meir festivalkafe-henging. Vi beundrer festivalbanda og mimrar attende til den tida det var kult å ha band frå festivalar langt oppover armane. No er fesstivalkjensla omtrent komplett.
17.00: Grand Opening! Elvar frå barneskulen sjarmerar oss med sang og dans.
18.00: Kjærleikens Ferjereisar med Sogn og Fjordane teater.
19.00: Kjærleikens Ferjereisar er ikkje ferdig enno. Ikkje noko bilete.
20.00: På bygda kjøyrer folk heim i kolonne etter teater. Får nesten heimelengsel (på bygda køyrer alle over alt, det gjer ein ikkje i Bergen).
21.00: Vi er på Lisa Lie og Skogsunderholdning. Dårleg sport å ta bilde.
22.00: Lisa er ferdig og etterlater seg rev og konfetti. Tina hadde eit mislykka forsøk på å lage etandes teaterblod, derav handleturen.
Alle var einige om at det hadde vore ein fin festivaldag.
– Ingrid