Kategorier
Hendingar Kvardagsglimt

Studio gateplan – ei førjulsforteljing

Heftig improvisasjon er årets julegåve frå Frontlosjen til våre kjære lesarar. Vi har funne julefreden på Os!

No som vi sitt her på julekvelden er det litt vanskeleg å tenke seg, men i år sleit vi litt med å få ordentleleg julestemning i adventstida. Vi klarte liksom ikkje slappe heilt av, finne oss sjølve og det rette anden.

Derfor gjorde vi det ein kvar gjer når ein manglar julestemning i Bergen: vi reiste til Os.

Vi hadde høyrt rykte om at det finnes eit slags studio her. Eit rom kvar ein kan utfalde seg kreativt medan ein ser på pepperkakeutstillinga i vindauget. Eit studio på gateplan. Fulle av optimisme sette vi oss på buss 600 ein tysdagsmorgon i desember. Vi rekna med å kunne finne fram til Studio gateplan heilt på eigahand, og gleda oss til ei lita oppdagingsferd i Osøyro.

DSC03551

Her er Ingrid vel framme og avbilda framfor ein av Os’ store landemerke.

DSC03553

Men kva kan studioet vere? Det var noko med pepperkakar, kan desse boksane vere eit hint?

DSC03554

Dette kan bli vanskeleg, det er visst fleire tome butikklokale på bakkeplan her i Os.

DSC03561

Vi måtte ta ei lita pause for å gå rundt juletreet. Stemninga snik seg alt litt på!

DSC03569

DSC03571

Men. Kva er dette? Skimtar vi eit forsøk på ei pepparkakegrend? Javisst!

DSC03581

Vel innanfor fann vi Lisa Nøttseter, som ofte nyttar seg av Studio gateplan på dagtid. Ho er dansar, og er – oss kjend – den som fann opp og sette i live konseptet med å skape liv i sentrum ved å ha studio for open gate. Denne adventstysdagen hadde ho òg kaffi og pepparkaker.

DSC03584

DSC03575

No for tida er Lisa her ein gong i veka og jobbar med ulike prosjekt, og verkar ikkje bli distrahert av alt som finn stad utanfor dei store butikkvindauga.

– Eg vil bli distrahert av det som foregår utanfor – det er ein del av oppgåven, seier Lisa. Typisk samtidsdansar, tenkjer vi.

 

Lokalet ligg vegg i vegg med ein garnbutikk eller noko, og tidlegare har det skjedd litt forskjellig her. Det ha vore platebutikk, kafe og rammebutikk. Akkurat no er det pepperkkeutstilling og dårleg sikt, men det stoppar ikkje opp for kreativiteten.

DSC03591

DSC03609

– Når eg improviserer startar eg berre med meg sjølv og det eg har, fortel Lisa. Vi høyrde nøye etter for å få mest mogleg ut av studioopphaldet. Sjølv om vi var ganske uredde, måtte vi sette på litt julemusikk for å kunne sleppe oss heilt laus. Utan musikk vart det for vanskeleg.

DSC03613

DSC03596

DSC03603 DSC03601

Julemusikken gav etter kvart stor inspirasjon og no har vi funne essensen av jula: lettare massepanikk. fin musikk.
(det verka mykje klokare da vi improviserte det)

DSC03648

DSC03663

DSC03670

Etterpå gjorde vi vårt beste for å forsvinne frå heile julestria, men det var visst ikkje så enkelt. Vi vart slitne i staden og fann ut at det berre er å omfamne heile høgtida som best vi kan.

DSC03672

Tusen takk for at vi fekk kome på besøk, Lisa!

DSC03573

Og til alle våre lesarar der ute: ikkje gløym å ta ei improvisasjonsøkt mellom ribbe/pinnekjøt/anna og gåveoppakking, det kjem til å vere sååå verdt det!

GOD JUL

 

– Ragnhild og Ingrid