Det seiarst at det ikkje er dei materielle tinga som gjer oss lukkelege, slik som iPhoner, pradavesker og Teslaer, men heller dei tinga som ikkje kan målast kapital: turer i skog og mark, venner, familie, kjærestar, kulturelle opplevingar, kattungar og ei indre ro i sjelen. Alt det rælet der. Men eg har funne lykken på jord: Segway! Javisst er det ein materiell sak, men den gir meg flotte naturopplevingar, kjensla av å kunne fly og mangfoldige turistar som snur seg og prøver å ta eit bilde av meg i det eg svever bortover gata som ein dementor frå Azkaban: eg er fri!
For det var akkurat dette som skjedde da eg fekk vere med som Segway-kjører for Lykkeparadigmet. BIT-teatergarasjens første forestilling denne hausten kombinerer desse to tinga: lykke og segways. Eg er fortsatt ikkje sikker på kva måte, men det kan vi i alle fall finne ut siste veka i august. I mellomtida skal eg vere med å kjøre litt meir segway og jage litt ekstra etter lykken, som det resultatet av velferdssamfunnet eg er.
-Ingrid