Kategorier
Kvardagsglimt Livsstil

Maurisk kake

Vi har passande nok laga ei kake med same namn som forestillinga som hadde premiere på DNS i helga: Othello.

På laurdag var det dags for premieren til Shakespeares store sjalusidrama; Othello, på Den Nationale Scene. Sidan vi ikkje var inviterte (…) , måtte vi lage vår eigen moro: Othello-kake. Våre bakekunnskapar har jo vore særs populære tidlegare, så derfor gir vi dykk igjen eit steg-for-steg til korleis du kan lage den komplette teateroppleving med ei særs passande kake å ete medan de drøfar om hollywood-stjerna var noko å skyte av eller om Stein Winges regi var heilt på bærtur (vi har ikkje sett framsyninga enno, så dette er hypotetiske påstander å drøfte).

Marsipan er godt, vaniljekrem er godt, makronbunn er godt, bringebærsyltetøy er godt og sjokolade er godt. Krem er ikkje så godt. Så denne kaka består av 80% gode ting. Othello-kaken er litt som ei hvit dame (Bergens versjon av marsipankake), berre med makronbunnen i det midterste laget og sjokolade på toppen i staden for marsipan. Det er ikkje avansert kokkekunst, men det tek berre litt tid å sette saman alle delane. Vi har basert oss på denne oppskrifta.

DSC03802

Sukkerbunn og makronbunn lagde vi dagen i forvegen, så det var i prinsippet berre å klæsje den saman. Det første dillemmaet som dukka opp var: kva skal vi dynke den med sidan vi ikkje har noko portvin? Valet falt for kirsebærlikør. Dessutan valgte vi å dynke sukkerbunnen og, vi likar jo ting litt vått i Bergen.

DSC03800

Dette er ei kake det er greitt å vere to om , for her var det mange prosessar på same stund: piske krem, smelte sjokolade, kjevle marsipan, dele sukkerbunn, drikke øl.

DSC03811

DSC03810

Sidan vi er ganske late på kjøkkenet, så vi kjøpte ferdig vaniljekrem, det er makan til kor mykje ein gidd å gjere frå botn. Dessutan vart den smelta sjokoladen litt tykk, så vi hadde i litt meire fløte.

DSC03818

DSC03824

DSC03830

DSC03833

DSC03840

DSC03849

Til slutt tar du på marsipanen rundt kanten. Og når det blir for mykje marsipan att, så lagar du bokstavar og pynter med namnet til dei som skal få kaka. Når det blir enda meir marsipan att etter det, et du deg kvalm på marsipan før du i det heile har tatt eitt stykke av kaka.

DSC03852

DSC03857

DSC03859

Siste steg: Gi bort kaka til andre teaterinteresserte vener i 62-års bursdagsfest. Suksess!

DSC03865

DSC03869

Også kan ein spørje seg: kvifor heiter dette Othello-kake. Vi trur det har noko med fargen å gjere, det svarte midt i alt det kvite, slik som Othello sjølv er.

Om du veit av annan teaterrelatert mat/bakverk, let us know. Men slapp av, det er lenge før frontlosjen blir ein matblogg.

– Ragnhild og Ingrid