Å sjå menneskeskjebnar gjennom augo – eller snarare kameralinsa – til Michale Laub gjer noko med deg. I går vart eg kjend med eit knippe menneske frå Kambodsja. Nokre la ut om årtier med naud og flukt, andre var mest opptatt av å syne fram skodespelartalentet sitt. Dei var alle filma i ein kunst- og utdanningsinstitusjon i Battamang, ein institusjon som har ‘gitt nytt håp til ein heil generasjon menneske 30 år etter folkemordet’, fritt sitert etter sesongprogrammet til BIT. Og det er sikkert riktig, for der dei eldre intervjuobjekta snakkar om livslang pine med fattigdom, konemishandling, sjukdom og flukt frå nygravde massegravar, ordlegg 20-åringane seg på ein annan måte.
– Eg har plukka søppel for å overleve, seier nokre av dei, men fokuset deira ligg på framtida: dei vil bli dansarar, skodespelarar eller modellar. Sjølv om også dei lev under fattigdom og må tene pengar for å brødfø både seg sjølv og foreldre og sysken, merkar eg optimismen: kunstsenteret gir dei håp om ein utveg, ei betre framtid.
Portrait series Battamang var eit rørande stykke film, men eg lo også mykje – både med og av og til av aktørane. Det siste er eg ikkje særleg stolt av, sjølv om latteren var meint uskyldig nok. Filmen hadde av og til den effekten at den bekrefta fordommane mine, men på ein slik måte at eg vart flau av mine eigne haldningar.
Etter portretta vart det tid for konsert. The Cambodian Space Projekt fleska til med sekstitalsinspirert musikk, og stjal hjartet mitt.
Eg klarar ikkje sette ord på kor kul vokalisten var, men trur desse videosnuttane kan gje dykk eit visst inntrykk:
For dei som vil bli hekta:
No er eg vikar. Men etter ein heilaften som denne får eg lyst til å bli superkul popstjerne.
Portrait series Battambang / Galaxy Khmer – av Michael Laub / The Cambodian Space Project
Speles i Studio Bergen 23. og 24 januar kl 19.00
Etter framsyninga i dag, fredag, er det kunstnarsamtale med samtidsteaterets største videokunstnar. Det vil du ikkje gå glipp av.
– Ragnhild