Kategorier
Kvardagsglimt

New age har kome til bygda!

Da New age kom til bygda er ei vemodig beundring om ein far som ville redde verda. 

Da New age kom til bygda er ei vemodig beundring om ein far som ville redde verda.

Det er lang og svingete køyretur til Fjaler, ein blir litt/veldig bilsjuk og lei av tunnellar og kanskje ein køyrer feil.

– Men når alt det vakre landskapet åpnar seg er det så verdt det, fortel Simone Thiis til oss omlag ein halvtime etter ankomst.

Ho er fortsatt litt forvirra over kvar løa, Trudvang og Samvirket er. Men vi kan fortelje ho at Ljosheim, der ho skal vise framsyninga Da New Age kom til bygda, er rett bortanfor kyrkja og på andre sida av vegen frå gamle kommunehuset.

Framsyninga er ei personleg forteljing frå hennar eigen til tider grenselause barndom i den vesle bygda Gausdal. Der vaks ho opp i eit kollektiv saman med sju andre sysken, heilt utan oppskrift på korleis dei skulle møte bygda eller takle all fridomen dei fekk. Midt i mellom dette prøvde far deira å redde verda med helbreding og latteryoga.

Klarte han det?, spør vi.

– Han var ein naturlege som prøvde å helbrede både kropp, tanke og and, kor fellesskapskjensla stod sterkt. Slik ville han at kapitalismen skulle slutte å råde. Sjølv om han starta ein kurssenter og new age rørsla vart ei stor greie på den tida, så var det kanskje eit naivt forsøk, fortel Simone.

For Simone handlar det å redde verda meir om å gjere små forskjellar for folk og omgivnadar, sjølv om ho ikkje har prøvd like iherdig som far sin.

– Dette er jo eit stort spørsmål, skyt Anne-Sophie Erichsen til, regissør for framsyninga.

New Age i dag handlar meir om sjølvrealisering, å helberede seg sjølv først. Men nesten ingen brukar New Age-uttrykket lenger, det kallast heller noko alternativt, og da dei intervjua ungdom under utvikling av framsyninga, så hadde dei ikkje høyrd om New Age ein gong. De trudde det var ein musikksjanger.

Når vi spør om sjølve framsyninga og korleis den er, så har dei ikkje lyst til å seie så veldig mykje. Men det er sjølvbiografisk forteljerteater med noko attåt, om fordommar, frihet og grenser, det kollektive og indivdualisering.

Med nokre utrolige historiar frå røynda, og mange kjem sikkert til å spørje seg sjølv, er dette verkeleg sant? Her har du høve til å møte fordommane dine, og viss du lurar på kva fordommar folk har til bygda, er dette framsyninga for deg!

Simone hadde eit sterkt ønske om å ha premiere på denne framsyninga i Fjaler fordi ho sjølv er frå bygda og den handlar om det å komme frå ei lita bygd med litt alternativ tilnærming. Slik håpar ho at publikum i Fjaler kjenner seg att i forteljingane hennar.

Og det beste med å treffes Simone: vi fekk eit privat lynkurs i latteryoga. Vi kan rapportere om det virka, så no er vi dritgode på å flire (på kommando).

– Ingrid og Ragnhild

Da New Age kom til bygda
Ljosheim, laurdag 14.09 kl. 15:00, søndag 15.09 kl. 12:00

Av og med: Simone Thiis, Regi og manusveiledning: Anne-Sophie Erichsen, Scenografi: François-Xavier Pons, Lysdesign: Yasin Gyltepe. Forestillinga er støtta av Fritt Ord, Vestfold Fylkeskommune, Tønsberg kommune og Grenland Friteater

// mjøling av andre si kake //  frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler

Legg igjen en kommentar