No har også eg funne ein grunn til å lese Dag og Tid. Fordi eg har oppdaga interessante opplysningar der, og det to veker på rad. Det lærer eg av, og så kan eg ta slike idylliske helgefoto av meg sjølv til bloggen.
No veit eg at for å starte eit teater, må ein anten vere meir enn villig til å bli halshogd, eventuelt syte for eit realt teaterslag ved oppstarten.

Og i siste utgåve følgjer dei til og med opp med ein eigen artikkel om sjølve feiringa til Det norske teateret. Eg mistenkjer at det nett er jubilanten som er årsaken til at teaterlivet får spalteplass (i tillegg til meldingar, rett nok), men dette kan godt vere eit fast innslag for min del – egoistisk og utopisk som eg er.
De finn sikkert gamle Dag og tid på biblioteket og alt det der.
– Ragnhild