Døden kjem ikkje med ljå, den kjem med teknologi. Det meiner i alle fall Ted Kaczinsky, betre kjend som «Unabomberen». Framsyninga Døden kommer ikke med ljå tek utgangspunkt i tekstar om og av den kjende sivilisasjonskritikaren, som vart tatt av FBI i 1996 etter å ha vore FBI´s mest ettersøkte mann i 20 år.
Sjølv om han sitt inne på livstid for å ha sendt 16 brevbombar, held teknologikritikken hans fram med å gi impulsar i samtida. Kan det vere ei form for øko-sorg som ligg til grunn for dei valdlege handlingane hans? Ein legitim reaksjon mot truslane frå teknologisamfunnet, som han meinte øydela naturen.

Det var nyfikenheit som dreiv Nina Ossavy da ho utvikla framsyninga om den berykta terroisten.
Kva får ein person til å begå slike handlingar? Når skjer det spranget over til å kjenne ei avmakt så total?
– Eg prøver å forstå kvifor han vart så sint, seier Nina.
Dempa og lågmælt
Resultatet av funderinga har vorte ei intim, dempa og lågmælt framsyning med ein foruroligande tematikk.
Og det er forteljinga som står i fokus, nesten alle effektar og hjelpemidlar har blitt fjerna i arbeidsprosessen.

– Det vi har gjort, er å nedskalere og strippe vekk, for å prøve å nå fram til kjernen i teksten.
Det seier Terje Ranes, som er einaste aktør på scena. Handlinga startar med at Ted lukkar augo og attende, noko som opnar for eit indre landskap – òg hjå publikum.
– Det er nesten fint å lukke augo litt undervegs, sjølv om Terje gjer ein god jobb visuelt òg, seier Nina.
Ho legg til at dette nesten kunne ha vore radioteater, og det skal det også bli.
Dermed er dette ei framsyning som kan spelast mange plassar – premieren var i ei hytte i Nordmarka det tok ein time å kome seg til.
– Nokre publikummarar kom på ski, andre gjekk seg nesten bort i skogen, seier Nina.
I Dale speler dei i løa til Kari på Joen, som tilfører nye og andre aspekt til forteljinga. Det er kanskje ikkje langt ut i skogen, men det er i ein periferi. Og her, som så mange andre stadar, merkar vi klimaendringane i naturen.

Begeistra for festivalstemninga
Både Nina og Terje er kjappe til å trekke fram den gode stemninga på festivalen, og skryt av kor fint det er å bli henta av frivillige på flyplassen høgste natta. Teknikarane får òg ein alvorleg omgang skryt.
– Det er så lun stemning, og det er veldig fint. Vi skulle eigentleg berre ha litt hjelp med lys, men enda opp med å snu heile scenerommet kvelden før framsyning. Men da var det ingen sure minar, berre hjelpande hender og godt humør, understrekar Nina.
Nina har vore på Teaterfestivalen i Fjaler to gongar før, og har sansen for programmeringa, naturen og folka.
– Det er ein festival med mykje meining, som gir inspirasjon, seier ho.

Forstå for å forhindre
Når dei snakkar om framsyninga, snakkar dei heile vegen om Ted og tankane hans, dei er ikkje så opptatt av å understreke at det han gjorde er gale.
– Det er klart at eg er mot terror, men det er ikkje den historia eg skal fortelje her, forklarer Nina.
I starten fekk dei ein del kritikk og vart skulda for å oppmode til ugagn, og Minerva skreiv heile 6 artiklar om framsyninga – utan at nokon i redaksjonen hadde sett den sjølv. Dei stilte til og med spørsmål om kor vidt det var innafor av Kulturrådet å gi offentleg støtte til eit slikt prosjekt.
– Vi beveger oss inn i eit farleg området dersom kunsten skal bli haldt etisk ansvarleg på denne måten, seier Terje, og held fram:
– Vi veit det godt, men slike situasjonar er likevel ei påminning om kor skjørt demokratiet og ytringsfridomen er.
Nina påpeiker korleis kunstnaren har alltid kome med viktig kritikk: narren har alltid eksistert i samfunnet vårt.
– Men i dagens samfunn vil vi ikkje at det skal eksistere, fordi det er ubehageleg, seier ho.
Og det siste året har vi fått kjenne på dette litt ekstra, og Terje og Nina merkar at dei plutseleg opererer i eit anna landskap.
– Denne framsyninga hamna litt i dragsuget av Ways of seeing-debatten, plutseleg gjaldt ikkje dei same reglane meir, seier Terje.

Let oss kjenne på ambivalensen
Men, som ein annan journalist påpeikte, så får heller folk utan moralsk kompass ta med seg følgje, resten forstår nok at dette er gale. Og båe kunstnarane er opptatt av at det er viktig å prøve å forstå, slik at det ikkje skjer igjen og igjen. Dessutan likar Nina å arbeide med ambivalensen:
– Publikum skal kunne kjenne på kjærleiken til Teds tankar, men òg på avskyen.
– Ragnhild og Ingrid
Døden kommer ikke med ljå. På Joen, 14.09 kl. 16:30, 15.09 kl. 16:00
Med: Terje Ranes. Tekst og regi: Nina Ossavy (fritt etter tekster av og om Ted Kazcynski) Støtta av Norsk Kulturråd, Dramatikkens Hus, Fond for lyd og bilde
// mjøling av andre si kake // frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler