Vi erklærer februar 2019 for å vere den store Lohengrin-månaden, for no er det slutt!
Etter 108 år, blir nemleg den spesialdesigna sjokoladen kassert (kjelde: Aftenposten). Vi har tidlegare snakka om denne godbiten av eit pensjonistsnop, som vart laga til premieren på Lohengrin på Nationaltheatret i 1911, men no har vi òg testa i kva grad det eignar seg som teatersnop.
Forventingar: Den perfekte teatersjokolada – den er jo spesialdesigna! , enkel å halde, , ikkje for stor. Rett og slett ideell i teaterrommet.
Praksis: KLISS
Kor mykje det bråker: Papiret knitrar ikkje, det er ein nostalgisk lyd i innpakkinga
Mengde: ein godbit i kvar ende, ikkje for stor.
Pris: 24 kr?! Ikkje rart den leggast ned…
Smak: Er det mint fyllet? Nei det er rom? Litt mykje melis-smak, minner om kremtopper (som er pittelitt betre)
Korleis det påvirker teateropplevinga: Ein gløymer at ein har den i veska, for ein hugsar ikkje kva den smakar mellom kvar gong. Den kan by på litt kliss som er vanskeleg å forholde seg til i mørket.



Totaloppleving: Det får ikkje hjelpe. Et den fort og pass på at den ikkje blir most nederst i bærenettet. Lohengrin 4 ever!
– Ragnhild og Ingrid