Teater og kino er i grunnen ein ganske lik kulturell oppleving: publikum ser på noko. Når ein skal på kino er det naturleg å stikke innom kinokiosken og kjøpe med seg ein brus og ei bøtte med popcorn. Det er nærast ein empirisk sanning at popcorn er det ultimate kinosnopet. I teatret er det ingen kiosk som sel popcorn eller alt for store brusbeger. Kva er det ultimate teatersnopet?
Mange er og usikre på kva som er rett kotyme når det gjeld å ta med seg noko å bite i i teatersalen, nett som det er med kleskode. Det er altså mange uskrevne regler for korleis ein skal oppføre seg i teatret. Frontlosjen er enda ein gong ein reddande engel, og har teke ansvar og gjort forsking på eiget initiativ. Inntil vi kjem med ein konklusjon har vi levd etter prinsippet anything goes. Og mange ymse snoptypar har blitt prøvd ut.
Illustrasjonsfoto: Frontlosjen likar sjokolade.
Dette er kriteria vi har smakt etter:
Kor mykje det bråker
Mengde
Pris
Smak
Korleis det påvirker teateropplevinga
korleis ein kjenner seg etterpå.
Vi vil i vekene framover presentere ymse slag godteri og om det egnar seg til å ta med seg på teateropplevingar. For å gi dykk ein døme på korleis ein test vil sjå ut, visar vi i dag ein type vi ikkje har prøvd. Basert på eigne erfaringar og generell førehandsdømming trur vi at marsmallows ikkje egnar seg i teatret. Her er grunnen:
Kor mykje det bråker: Ganske lite. Marsmallows er så og seie lydlaust
Mengde: ALT FOR MYKJE
Pris: OK
Smak: kvalm
Korleis det påvirker teateropplevinga: Det heile kjem til å gjere opplevinga ganske kvalmande, uansett handling.
Korleis ein kjenner seg etterpå: For kvalm til å i det heile hugse kva ein nettopp har sett.
[…] … kamferdrops Lagt inn den 24. september 2012 av Ingrid Første godt ut i den store teatersnop-testen er kamferdrops. Vi tek fordommane på ordet, det er jo berre gamlisar som går i teatret, og […]
[…] … lakrisbåtar Lagt inn den 6. desember 2012 av Ingrid De trudde kanskje at den store godteritesten hadde førtidspensjonert seg? Neida, vi måtte berre gjere så mykje anna inni mellom. Denne gongen […]
2 svar til “I want candy”