Kategorier
Kvardagsglimt

Hurra for Sarah Bernhardt!

Diva-konfekten alle elskar. Vi deler oppskrifta!

Den største skodespelarinna ein nokon gong har sett på franske scenar, Sarah Bernhardt, døydde i dag (26.03.13, red.anm.) for 90 år sidan, lenge før bestemødrene våre var påtenkte ein gong. Men det betyr ikkje at vi ikkje kan markere det. Og kva passar vel betre enn å gi dykk oppskrifta på nettopp Sarah Bernhardt, konfekten altså, ikkje sjølve dama. Denne konfekten fekk vistnok skodespelarinna tileigna seg da ho var på skodespelaroppdrag i København.

Her kjem ei oppskrift med dårlege mobilbileter, slik som dei gode rosabloggarane vi er. Så har du noko å fylle påskeegget med igjen (for du har sikkert ete opp alt allereie).

_SC_1103Kven skal ut? Ein av desse ingrediensane skal ikke vere med.

Konfekten består av tre delar du lagar kvar for seg. Du treng:

Til botn:
1 pølse kransekakemasse

Til smørkrem:
100 g romtemperert smør
1 ½ dl melis
1 eggeplomme
2 ss oboy, eventuelt kakaopulver, men da litt mindre mengde
2 ts vaniljesukker

Til topping:
2 store plater melkesjokolade, eventuelt kokesjokolade om du likar det mørkt.

_SC_1105

Botn:
Her kan du sjølvsagt nytte heimelaga kransekakemasse om du får til slik.

Rull ut kransekakepølsa slik at den blir ca. like bred som ein fem-kroning. Skjær opp i skiver som er litt smalere enn 1 cm. Legg steikepapir på ei langpanne og fordel botnane utover. Steikast på 200 grader i 8-10 minutt. Når dei er ferdig skal dei vere mjuke inni og krispy på utsida. Avkjøl dei i frysaren eller ute om vinteren.

Smørkrem:
Her kan ein i prinsippet helle alt i ein bolle og berre blande saman med stavmikser. Om ein ikkje har slik for handa og må gjere det manuelt, blandar du først saman smøret og egget, for å gjere det enklare å røre saman. Eit tips er å dele opp smøret i terningar, da går det raskare. Tilsett så alle dei tørre varane.

No skal du fordele smørkremen på kransekakebotnane. Ein liten dæsj på kvar, slik at det ikkje dett utom kanten på botnen. Dette kan du gjere med skei, men det enklaste er å ta smørkremen i ei kremsprute og fordele kremen med den.

Sett det til avkjøling igjen.

Topping:
Smelt sjokoladen i vatnbad. Dypp botnane med smørkrem oppned i sjokoladen til det dekker akkurat over kanten til botnane. Her kan det vere lurt å bruke eitt matpinsett, for det grisar litt. Sett det på eit fat og la det avkjøle igjen.

_SC_1107 _SC_1116

_SC_1121 _SC_1122No skal dei sjå omtrent slik ut. Og du er klar til å ete! Dei bør oppbevares kaldt, i kjøleskap til dømes. Om du har lyst på ein meir vaksen smak, anbefaler vi å helle i nokre spiseskeier med hemmeleg ingrediens i smørkremen, slik som eg har i biletet nedanfor. Lykke til, og rop ut om du ikkje får det til.

602763_10151392266890409_508303726_n– Ingrid

2 svar til “Hurra for Sarah Bernhardt!”

Det er stengt for kommentarer.