I går tilbragte eg ei stund i dansestudio. Skulle ønske eg kunne overraske dykk med å seie at det var eg som dansa, men her må eg nok skuffe dykk. Sjølv om eg visstnok hadde eitt naturleg talent for klassisk ballett i min ungdom, overlet eg heller dansinga til andre talent. Eg var heller god rosablogger og tok bilete av meg sjølv i dei store speglane i salen – ein rosabloggers våte draum.
I studio skulle eg møte Guro og Cathrine som lagar forestilling for pensjonister og andre vel over vår aldersklasse. Danserinnene, som har gått på skolen for samtidsdans saman, har i ei veke improvisert fram ei danseforestilling med temaet minner som utgangspunkt. På laurdag visar dei utdrag av framsyninga Jeg minnes på Ila Brainnstasjon i trønderhovudstaden. Men det er folk som bur på gamleheimar som får den store gleda av å sjå heile sulamitten, forestillinga skal nemleg ut på turne med den kulturelle spaserstokken – eit prosjekt eg har veldig sansen for!
Når ein skal lage forestilling for nokon som har levd lange liv ein ikkje kjenner til, må ein møtast ein plass med felles referanserammar. Guro og Cathrine veit jo ikkje korleis det er å ha levd eit langt liv, gjerne saman med ein partner mange av dei åra. Dei har heller ikkje levd i gamledagar. Men vi har alle vore barn, og vi har alle minnar frå livet som vi kan glede oss over. Slik håpar dei å møte ei målgruppe som er heller ukjende for dei.
Det er over assosiasjonar frå eigne minner dei har laga denne forestillina. Men besteforeldre som har levd lenge saman har òg vore ein inspirasjonskjelde. Relasjonar og minner ein har skapt gjennom eit heilt liv saman er like viktige her som dei individuelle minnane vi har. Dei vil heller ta utgangspunkt i dei små augneblinka enn dei store hendingane i livet. Det kan vere ei lukt ein kjenner att, ein sang eller ei god kjensle. Det er desse minna som blir til danserørsler. Og ut av danserørslene håpar dei at publikum skapar sine eigne assosiasjonar og kjem på eigne minner.
Berre no når eg skriv dette kjem minnane av lukta av klubb og duppe fram. Kanskje eg skal besøke mormor ein dag og be ho lage det til middag…
Danserinnene er veldig opptekne av at dei kjem dit folket er. Dette er ikkje ei forestilling i ein blackbox kor publikum er på eine sida, og aktørar på den andre sida. Det skal dansast i fellesstover på heimane, i publikum sitt eiget miljø. Slik sett blir kunsten meir tilgjengeleg for dei som kanskje ikkje kan flytte så langt på seg, og det verkar trivelegare enn ein mørk sal og spør du meg. I første omgang skal dei turnere i Rogaland, men kanskje dei kjem til andre stadar òg. Men forresten, ein må jo vere busatt på ein heim for å få det med seg, kanskje det kan vere ein god anledning til å besøke den eldre garde, og få med seg litt dansekunst med det same?
Kom på laurdag da vel, og om du trur at samtidsdans ikkje er noko for deg, kan du ta eitt lynkurs her.
– Ingrid