Frontlosjen er ikkje vidare kjend for å vere sportsidiotar, i alle fall ikkje den blonde av oss. Sjølv skyr eg alt som startar på f og sluttar på otball, og sport og idrett generelt. Men kvart fjerde år blir eg som nordmenn flest: over gjennomsnittet interessert, og sjølvsagt det Noreg er god i (det gikk faktisk så langt at eg ei natt drømte at eg rota med ein viss fekter på party og overskrifta hjå tabloidane dagen etter løyd noko som «Fekteren kliner til med mystisk blondine»). Noreg er ikkje særleg god i idrettar som ikkje foregår på eller i snø, men handballbana og norske flagg går som hand i hanske – eg måtte sjølvsagt få med meg finalen mellom Noreg og Montenegro – og i rett teatervitskapleg and gjere ein analyse av den.

Handlinga er enkel, og kanskje litt for etter boka. Kort oppsummert startar aktørane rett på – konseptet er her å kaste ein ball inn i eit nett, eller eit mål som det gjerne kallast. Alt etter eitt minutts tid kastar fienden ballen i mål og dei får etter kvart overtaket og leder med eit par scoringar. Som dei fleste komediar startar det i ulykke og kjennar på meg at dette skal ende i lykke. Men Noreg klarar å snu det til leiing etter omtrent ti minutt og har eit forsprang heile framsyninga gjennom. Men fienden er hakk i hel og det heile blir ein kamp mot tida, og mot slutten ligg dei heilt likt. Point of no return kjem når det er omtrent fem minutt att og ein av dei norske aktørane sett ballen i mål og ledar med to poeng – da har ikkje fienden sjans til å ta dei att innan tidsfristen.

publikum er gira alt før start – dei karakteristiske kubjellene gjer at det er umogleg å ikkje bli reve med og sitte som ein idiot i sofaen og heie med. Utover spelet merkar eg meg at dei minnar litt om filmmusikk, som underbygger handlinga og gjer dei spandande augenblinka enda meir spanande. Når Norge scorar mål jublar dei, og når speler blir for passivt er dei ikkje seine om å sette i gang med hylekoret. For meg som ser dette via fjernsynet er dei i like stor grad aktørar som publikum og sånn sett får dei ein dobbelt funksjon.

For meg som ser på fjernsyn er det to personar som kommenterer handlinga, kommentatorane som dei kallast, ikkje ulikt som koret frå det antikke teatret, men og tydelege trekk frå det brechtianske teatret. Kommentatorane heiar med Noreg og gir meg i grunnen ikkje noko val når det gjeld kven eg vil halde med – eg og må heie på Noreg.
Det er alt frå starten tydeleg at det er strenge rammar for korleis dette skal utvikle seg. Mellom anna kan ikkje aktørane bevege seg på enktelte måtar – som at dei ikkje kan ta meir enn tre steg med ballen i handa, eller bevege seg på enkelte stadar, sånn sett minnar det heile veldig om japansk no-teater.

Valet av aktørar minnar om ein Hamlet-versjon eg såg i Berlin for nokre år sidan, kor storparten av dei mannlege aktørane var over gjennomsnittet pene mannfolk under 30, i dette tilfellet var det kvinnfolk. Eg undrar på og regissøren, eller treneren som det heitar i dette tilfellet, har gjort dette bevisst, for å trekke eit yngre publikum. Men og kanskje for å vise at dette er eit minst like aktuelt tema for unge som gamle. Men akkurat tema er eg litt usikker på, eg tolkar det som ein metafor mot karrierejaget og jaget mot klokka mange (særleg unge) mennesker i stor grad kan oppleve i dag, og om at det beste kun er godt nok for mange – nemeleg å ta gull. Men om dette er ein kritikk, eller ein indirekte beskjed om at slike er tidane blitt og vi berre må henge med, er eg usikker på.

– Ingrid
2 svar til “Heia Noreg!”
Handballkampar er endå betre på radio og då er forteljarstemma mykje viktigare – trur det er rett å nytte nemninga høyrespel – og eg trur eg veit kven som har rollene til Dickie Dick Dickens og Effie Marconi.
Slik er tida blitt. Jepp. Bil, båt, hus, lån, barn og gull i ol. Vitterligt.