Kategorier
Kvardagsglimt Omtalar

goodbye&farvel!

«Mykje er artig, og mykje er rørande – men heilt trollbunde blir eg aldri». Om Goodbye&Farwell med Hordaland teater.

Som mange sikkert har fått med seg, speles for tida goodbye&farvel på Logen teater. Hordaland har alt hausta mykje ros for produksjonen, og eg har sett han eg òg. Det må eg jo dele med dykk, kjære lesarar.

Dette er humor og tragedie med enkle, men verknadsfulle grep. To kameratar pratar om sin avdøde venn. Han var den kulaste, tøffaste og beste av dei alle. Vi får servert mange ulike anekdotar frå tida dei hadde saman – frå fyrste skuledag til sjukehussenga.

Mykje er artig, og mykje er rørande – men heilt trollbunde blir eg aldri. Det er som om dei enkle, men verknadsfulle grepa i framsyninga ikkje når fram. Kanskje fordi eg gjekk drama på vidaregåande og har nytta alle grepa i læreboka sjølv: enkel dramatisering av forteljing, lydeffektar frå eigen munn og billige orsakingar for å bryte ut i song er ikkje nok for meg. Ikkje at det var ei svak framsyning, det var det absolutt ikkje. Men eg sakna kanskje at det var enno meir trist, og enno meir morosamt. For potensialet ligg der, og eg trur aktørane maktar det.

Eg er ikkje heilt einig med kritikarane denne gongen altså, men det er kanskje du? Hordaland teater er uansett verdt å få med seg, så det er berre å kaste seg rundt.

Regi: Kamilla W. Brekling/Anders V. Dam – Aktørar: Espen Sandvik, Åsmund Brede Eike – Scenografi: Claus Helbo, Anders Dam.

 

Speles torsdag 24. og fredag 25. januar på Logen teater i Bergen, kl 19.30

– Ragnhild