Som dei fleste i Bergen sikkert har lagt merke til har det vore fadderveke denne veka. Frontlosjen har som vanleg tatt sitt samfunnsoppdrag på alvor, og spreidd den glade teaterbodskap til nye studentar på teatervitskap og kunsthistorie. For det er viktig å vite på kva plassar ein skal tilbringe dei neste åra!
Her ser de nokre av dei nye studentane (som verkeleg trassa dei bergenske værgudane for å traske både til Møhlenpris og Nøstet). Bra at Cornerteateret tek seg like godt ut i all slags vær.
Heldigvis slapp vi inn i varmen av og til. Her for å sjå nærmare på vakre Tivoli, der Immaturus held til. Der var det kaffi òg.
Vi tok oss sjølvklart tid til å stoppe ved nokre av dei mindre kjende teaterattraksjonane i Bergen, her på Norma Baleans plass.
Litt historie om Komediehuset måtte inn òg, sjølv om Ragnhild tydeleg vis er litt trist fordi det ikkje finst enno.
Men det gjer heldigvis DNS.
Og kanskje også Sentralbadet etter kvart?
Vi passa òg på å syne fram viktige arenaar som Studio Bergen og Studio USF. Turen endte i Vågsbunnen, der vi sjekka ut Østre (arena for mellom anna Prøverommet) og domkirkegarden, åstaden for Adams Fall i 1562.
På veg heim etter teaterbyvandringa traff vi på Lykkeparadigmet på segway som ein fin liten prikk på i’en.
-Ragnhild og Ingrid