Kategorier
Kvardagsglimt Livsstil

Framtidsplanar

Ved å lese dette slepp du å spørje om kva vi skal bli når vi blir store.

Eit spørsmål eg har fått like mange gongar som «kva skal du bli når du blir stor?» er «men kva blir ein med teatervitskap-utdanning?». Eg har aldri hatt klare svar på nokre av delane. Her er ti forslag til kva eg skal bruke utdanninga mi til. Eller kva eg skal bli når eg blir stor. Håpar du blir litt klokare (det har ikkje eg blitt heilt enno).

1. Få meg ei praktikantstilling ved Volksbühne.

36139_10150279940620531_7967940_n2. Skrive eit teaterstykke om datalagringsdirektivet.

IMG_75293. Vere den som media ringer når dei treng uttalelse om nok viktig innan scenekunsten

578561_10151542650250597_601081936_n4. Lære meg å danse tarantella

180552_521318982221_5903783_n5. Lage fantastisk scenografi til eit Ibsen-stykke på Off-off-off-Broadway.

IMG_20130506_1942226. Flytte inn i Brecht si leilighet i Berlin (og røyke like mykje sigar som han).

Oktober 2010 Berlin 1847. Skrive teaterhistoriebok som blir oversatt til tysk, fransk og japansk.

IMG_743818. Få ei kake oppkalt etter meg. Slik som Sarah Bernhard.

201225039. Starte opp scenerom på NRK P2 igjen.

2634_91707431899_4167382_n10. Avskaffe 2. balkong.

IMG_3139Kva eg skal gjere i mellomtida anar eg ikkje. Eg må nok bli stor først.

-Ingrid

3 svar til “Framtidsplanar”

Det er stengt for kommentarer.