Baltisk teater er i vinden for tida. Professor Arntzen venda nasen mot Litauen for fleire år sidan, og no får området fokus gjennom Nordwind Festival i Berlin. Frontlosjen kan ikkje vere noko dårlegare: Eg utforska teaterlivet i det norlegaste landet – det som helst vil identifisere seg med oss i Norden – nemleg Estland. Sjølv om mest alle hadde spelefri, og eg ikkje gadd sjå ein vampyrkabaret berre for å gjere det.
For sommaren eignar seg dårleg for teatergåing dessverre, og det same gjer eit finsk-ugrisk språk. Derfor vart det inga teaterframsyning på meg i Tallinn – men eg tok bilete av nokre teaterplakatar, og det er mest det same. For slik gjorde eg meg opp eit subjektivt inntrykk som eg no skal dele med dykk kjære lesarar.
Det er relativt kortfatta: Det er mykje teaterverksemd i Tallin, meir enn i Bergen. Det ser ein mellom anna på dette kartet:
Dei er glad i klassikarane, både Eugene O’Neill og Shakespeare. Og så skal dei sette opp eit stykke etter Halldor Laxness Kiljan i haust, Islandi kell (i flg. oversettinga mi: På Island).
Dette stykket går på Eesti Draamateater, eit teater bygd etter at det fyrste tyske teatret i byen brann ned. Der iscenesett dei òg Aabitsa Kukk (hjå meg oversett ABC kuk) eit døme på at det estiske språket fordrar barnsleg moro (stykket har noko å gjere med ein hane og ei bok, så klart).
Også hadde dei eit eiget museum for dukketeater, noko som òg er i vinden for tida. Fann dessutan eit anna teater i øvrebyen, som kanskje er eit barneteater eller dukketetaer eller noko. Kven veit? Piip ja tuut tyder (iflg. google translate) Pipa og hornet.
Eg kom òg over eit utandørsamfi på ei byvandring, og dei hadde til og med ein eigen dam! Fett.
Verkar som om dette tilhøyrer Tallinna Linnitheater, som hadde felt inn steinplåter med stykker dei hadde sett opp i bakken utanfor bygningen. Her er nok eit døme på kjærleiken for klassikarar:
