Kategorier
Kvardagsglimt

Ding Dong bring it on?

Nakenhet – yey or ney?

R: King Dom. Eit teaterstykke som syner kor godt forteljaren kan fungere, med søte skuggefigurar og ei litt spesi, men sjarmerande forteljing (men eg vil seie at det er å tøyge strikken når ein reklamerar med songar om is og eld oppi alt dette her). Så kva sitt eg att med, eg opplyste samtidsmenneske frå realitygenerasjonen som har opplevd alt på ei scene?

King-Dom_2-c-Manah-Depauw

I: Kein applaus für Sheisse. Ein leik med teatret som medium og kor langt ein kan gå for ektreme ting ein gjer på scena. To vanvittig trygge aktørar som er morosame, ydmyke og sarte på den eine sida og ekstreme og ekle på den andre sida. Sjølvsagt med eksplisitt glufse, spying og andre kroppsvæsker. Kor mykje applaus får ein for det?

KeinApplausFurScheisse_1G.Tinta.jpg.960x600_q85_cropR: Jo, det vart kanskje litt mykje glufse. Ikkje at eg ikkje tolar å sjå noko så naturleg som ein naken kropp framfor meg, men når eg får servert eit par spreidde bein, tek det liksom oppmerksemda frå alt det andre. Og så kjenner eg meg litt sånn:

Snapshot_20130916

I: Eksponeringa av kropp blir så over det normale og ekstremt at det tipper over ubehaggrensa til å heller bli fascinerande. Å kle av seg og berre ligge på senga naken er ganske vanleg, men å trekke ein raud tråd ut frå ei glufse eller spy noko blått er ikkje ganske vanleg vil eg seie, men det gjer det mindre flaut og meir akseptabelt. Eg kjenner meg litt sånn: glaneR: Dette er ikkje meint som kritikk av framsyninga (og eg forsto at det kom til å skje på førehand, det er trass alt Manah Depauw det er snakk om) (I: nei absolutt ikkje, det er trass alt Florena og Vincent det er snakk om), for all del: pupp er topp. Men dette er altså slik eg reagerer på nakenheit på scena. Nakne kroppar blir for meg ofte anten påtatt eller berre veldig distraherande – ofte båe delar.

For nokre år sidan kjendes det ut som alle framsyningar (spesielt på Teatergarasjen) hadde hud som ein viktig ingrediens, og aktørane kledde av seg i hytt og gevær. Dette har roa seg den seinare tida, og av og til er det faktisk litt effektfullt at dei kler av seg.

Det er berre litt vanskeleg å sjå forbi ubehaget for å finne ut når det sømmer seg.
Når er det ok å kle seg naken på scena?
Finst det ein tommelfingelregel vi kan lage oss?
Korleis reagerer du?

Vi undrast, kjære lesar.

– Ragnhild og Ingrid

3 svar til “Ding Dong bring it on?”

Det er stengt for kommentarer.