Kategorier
Kvardagsglimt

Det siste epos på Trudvang

Vi har tatt ein prat med to av kunstnarane bak Det siste epos.

Teaterfestivalen er knapt i gang, men på Trudvang har det alt vore full aktivitet den siste veka. Der riggar dei nemleg for Det siste epos av Skolseg/Bakken/Floen, som vises på festivalen fredag og laurdag, og varer i 4,5 timar inkludert pauser.

Sjå og bli sett inne i varmen

Da lurer jo vi på: Kvifor skal vi legge ut på ei så omfattande framsyning på festivalen? Svaret frå scenograf Fredrik Floen er enkelt og kontant:

– Fordi de kan vere inne!

Og det er sant, fire og ein halv time ute av regnet freistar. Dersom du har nokre fine klede du har lyst til å syne fram til dømes, har du sjansen til å henge frå deg regnjakka for ei stund. Inne i salen er amfiet fjerna, og publikum sitt plassert i ei hestesko der ein òg kan glane litt på kvarandre. Sjå og bli sett! Dessutan er det to gode pausar med biteti undervegs.

– Om ein skal lage eit epos, må ein jo liksom smelle på litt, seier regissør Marie Nikazm Bakken.

Og når vi får høyre meir om innhaldet i denne rykande ferske produksjonen, forstår vi kvifor det tek litt tid. Fem historiar skal forteljast og flettast inn i kvarandre, og ei heilt ny verd skal skapast.

Ei visuell verd

Skildringa av denne verda er vel så viktig som historia. Eit epos skal kommentere verda runt seg – og derfor skal alle aspekt av det fiktive universet kunne ta tempen på røynda. Målet er at det visuelle og utøvende i framsyninga skal uttrykke verda, heller enn å seie kva verda er.

Marie og Fredrik er i tidlegare produksjonar kjende for nettopp det visuelle uttrykket sitt.

– Vi maler med grov pensel. Både i sceneelement, spelestil og ja, alt.

Dei tek ofte utgangspunkt i det konkrete. I det groteske og arketypar, men så går dei vidare frå dette og let det visuelle vere forteljande. Om dette høyres svevande ut, kan vi konstatere at det ser omtrent sånn ut:

Frå Fru Inger til Østråt, Fredrik og Maries teaterlag. Otta 2018 (Foto: István Virág)

Likar landlege omgivnadar

Det siste epos skal rett vidare på turné etter festivalen, med 30 framsyningar i Sverige. Og det blir inga lett oppgåve.

– Målet har vore å lage ei uturnerbar framsyning og sende den på turné, seier Marie.

Da er Dale den perfekte plassen å starte på, 20 timar i bil frå heime i Sverige. Og det er ikkje tilfeldig at dei hamna nettopp på denne festivalen. Marie og Fredrik er vant til å jobbe på små plassar – i fjor hadde dei til dømes ei 8,5 timar lang nattframsyning på Otta i Gudbrandsdalen, der Marie og Ragnhild (!) er frå (Ingrid har vore der mange gongar, red.anm.).

– Vi har mange av dei same verdiane som Teaterfestivalen i Fjaler, og derfor var det eit ønska samarbeid frå begge partar, seier Fredrik.

Dessutan er det jo artig å ha med seg ein gjeng svenskar tvers gjennom Noreg, og la dei oppleve Vestlandsnaturen.

Eposet

Så var det sjølve eposet da, framsyninga.

Vi følgjer Lilith på hennar reise, der ho får i oppdrag å ta dei daudes parti. Ho blir liksom Night King, sånn littegrann. Ulekker og ond.

Ein mann som vaknar opp og innser at han har vorte allergisk mot samfunnet, med utslett og det heile.

Ei anna dame som helst vil ta sjølvmord, og går ut i havet. Men i staden for å gje slepp på livet, blir ho forvandla til ein slags Antigone 2.0. Omgitt av amfetaminmisbrukande havfruer, blir ho kidnappa av havkongen Ocean Master som vil halde ho som gissel for å få menneska til å slutte med forsøplinga av havet.

Oppe på land att treff vi filosofen Simone Weil – den einaste av karakterane som er basert på ein historisk person. Ho var opphaveleg jødisk, men konverterte til katolisismen og trudde ho var udødelig. Seinare strauk ho med av tuberkulose.

Og på liksom-Mars øver fem astronautar på korleis livet vil vere på ein annan planet.

Dei fem historiane går stort sett frå start til slutt, men er fletta inn i kvarandre. Det dei har til felles, er at dei alle handlar om individ på sida av samfunnet. Marie kommenterer at det er litt som i filmen Paris, Je T’Aime, sjølv om dei andre i truppen mislikar jamføringa.

Fredrik og Marie – konsentrert

Stykket er skrive av dramatikaren i trekløveret bak framsyninga, Runa Borch Skolseg. Ideen til prosjektet kom etter at dei tre hadde sett framsyninga Ø episode 9 i lag, og fekk inspirasjon til å skape noko maksimalt.

– Vi er jo allereie tre maksimale kunstnarar, og vi var spente på kva som kunne oppstå ved å foreine kreftar, seier Fredrik, som berre har samarbeida med Marie tidlegare.

Dette er fyrste gongen Marie og Fredrik jobbar med ny scenetekst, tidlegare har dei konsentrert seg om klassikarar.

– Tidlegare har vi jobba med å bygge ut teksten, denne gongen starta vi alt på maks, seier Marie.

Ho forklarer korleis 180 sider med dramatikk har blitt stramma inn til å vare i «berre» 4,5 timar. For det er verkeleg berre – vanlegvis varar framsyningane deira mykje lengre.

Så for de som tidlegare har snusa på arbeidet til Marie og Fredrik, men som ikkje har våga dykk ut på arrangement frå soloppgang til solnedgang, er tipset openbart:

No har de sjansen til å oppleve dei i konsentrert form!

De kan til og med ha på dykk fine klede under oljehyren.

Vi i Fronlosjen er allereie bitt av basillen, og gler oss stort til å sjå urpremiera til Det siste epos på Trudvang på sjøvaste fredag den 13. Ser dykk der!

– Ragnhild og Ingrid

Det siste epos Trudvang 13. september kl. 19:00, 14. september kl. 16:00

Idé/koncept: Runa Borch Skolseg/Marie Nikazm Bakken/Fredrik Floen, regi: Marie Nikazm Bakken, dramatiker: Runa Borch Skolseg, scenografi/kostym/mask: Fredrik Floen, lyddesign/komposisjon: Patsy Lasso, lysdesign: Anne-Marie Fritiofsson, medverkande: Isabel Reboia, Joel Ödmann, Kim Theodoridou Bergquist, Martha Rasmussen Lubiana, Teemu Kippola (praktikant, Scenkonstprogrammet, Yrkeshögskolan Novia, Jakobstad), Sigrid Lerche (musiker). Oversetter: Ida Linde. Produsent, forprosjekt: Mirjam Gelhorn, produsent: Siri Nyke, teknisk samordner: Jenni Godoy, tekniker: Jenni Godoy, Anna Jondelius, kommunikasjon / PR: Sam Johansdotter + Madder, kostyme -og scenografiassistent: Clara Nergård, snekker: Robert Wiberg. Produsert av Turteatern. Støtta av: Norsk Kulturråd, Dramatikkens Hus, Svenska Kulturrådet, Stockholms stads kulturförvaltning, Kulturförvaltningen Region Stockholm, Sveriges författarfond.

// mjøling av andre si kake //  frontlosjen er offisielle festivalbloggarar under teaterfestivalen i fjaler

Legg igjen en kommentar