Kategorier
Kvardagsglimt

Bloggeåret 2013 vol. 1

Vi oppsummerer bloggeåret 2013

Vi har oppsummert delar av teateråret i levande bileta – men fortvil ikkje, vi har på ingen måte forlatt det skriftlege mediumet enno! For å understreke dett kjem det her ei todelt oppsummering i kjend stil. Enjoy!

JANUAR

I Januar såg Ragnhild bra teater på DNS og Ingrid gjorde stor suksess med å vise hud på internett. Vi meinar, Ingrid gjorde stor suksess med å vise folket korleis ein kan nytte masterskjerfet på UIB på best måte. IMG_9779FEBRUAR

Månaden starta med sesongslipp på Teatergarasjen, kor dine favoritt-teaterbloggarar leda kvelden med selskapsleikar og smakebitar av sesongen. Mot Ragnhild rusa seg på koffeintyggis og vi starta den suksessfulle spalta Get the look

Picture0286DSC_0046MARS

Ragnhild prøvde å finne seg ein selfie-kompis sidan Ingrid fortsatt ikkje er i Bergen på fast basis.

Ingrid prøvde seg på heimekontor, men det er artigare å lære folket å lage Sarah Bernhardt.

ObligatoriskDSC_0197602763_10151392266890409_508303726_nAPRIL

Ragnhild sitt liv vart betre, mykje grunna franske moroklumpar med plastplantar og keyboard-gitar.

Ingrid testa selfie-potensialet på Trøndelag teater, og konklusjonen er positiv.

Vi feira Dansens dager i raude sko, og Ragnhild vart litt meir sliten enn Ingrid.

IMAG1651DSC_0423IMG_0055MAI

Vi kjempa oss ut til USF Verftet for å sjå dans og ete godteri. Det var OK+, sjølv om vi gjerne hadde tatt turen opp på Fløyen for å sjå Nighttripper i staden.

IMG_0160IMG_0211JUNI

Vi brukte ein del tid på å gifte bort Ingrid, men hadde sjølvklart tid til å stoppe innom teatergarasjerestane.

Frontlosjen debuterte med prisutdeling på Immaturusprisene, det var stas! Ragnhild nytta sjansen til å meske seg i trakteringa i greenroomet.

No 79 ColorFersken

Resten av året kjem i del to – følg med!

– Ragnhild og Ingrid