Vi har så vidt nemnt det før. Mistanken har vore der lenge, og under Oktoberdans tidlegare i haust fekk vi det ettertrykkeleg bekrefta: publikumsdeltaking er i vinden att.

Foto: Millan P. Persson
Det har vore ei stor pille å svelgje. Frontlosjen er tidlegare kjend for å mislike den slags – ein går ikkje på teater for å bli dumma ut eller forstyrra i kunstopplevinga. Men som med så mange andre motefenomen har det klart å snike seg innpå oss. I starten var det triveleg, med augekontakt og gratis vodka til alle på fyrste rad. Det er jo fint. Men før ein veit ordet av det har ein vorte henta opp på scena og stått der i fem minutt – og det kjennes heilt greitt.

Deltaking har i løpet av få år gått frå å vere eit kleint, attendelagt irritasjonsmoment til å bli eit velkome standardinnslag i scenekunstverda. Dette er konklusjonen etter at eg deltok på siste Kunstikit festival (eller er det ei rørsle?) i Bergen i helga. Eg er overtydd om at åtte av ti live-innslag involverte publikum i større eller mindre grad. Vi som tilskodarmasse vart medmusikarar, svara på spørsmål, fekk dansarar i fanget, vart kidnappa, dansa vals, og filma einsame karakterar som leitte etter selskap via eit webkamera. Og den kjendes heilt naturleg – noko som berre kan tyde at eg slutta å kjempe i mot.

Der eg før var ein lat, konservativ og snerpete tilskodar ønskjer eg no publikumsdeltaking velkommen med opne armar – ja til eit meir diffus skilje mellom scene og sal i det ambiente foreina teaterfellesskap anno 2012. Eller noko slikt.

Men nokre spørsmål reiser seg likevel hjå ein nyfrelst som eg. Vil alle tilnærmingar fungere no som det er i vinden? Kor går den etiske grensa? Er det eigentleg riktig å få ein stakkar i salen til å svare på om han er fruktbar? Er det forsvarleg å servere ut såpestykke som parfymerer ein halv bydel? Den diskusjonen får vi nærme oss etter kvart. Men til da: ingen skal kome her å seie at Frontlosjen ikkje følgjer dei hottaste trendane!
Ekstrem publikumsdeltaking. George gjesta årets Oktoberdans.
– Ragnhild