Ein overhead har hovudrolla når Teateretaten har premiere på si nye framsyning OH – som jeg er.
Eg tok ein liten tur innom prøvane og ba dei vist meg ti hypotetiske situasjonar frå forestillinga, dette var det eg fekk sjå:
Morgonstund har gull i munn
Fångad av en stormvind
Fjols til fjells
Ibsens samlede verker minutt for minutt
Hvor var du da Oddvar Brå brakk staven?
Med en lyseblå tiltro til landet
Winter is coming!
Hest er best!
ROFLMAO
Mor, gi meg solen!
Kor mykje av dette som er reelle situasjoner frå forestillinga, veit eg ikkje. Det eg veit er at det i alle fall skal vere med ein Overhead. Av den gode gamle sorten. Slike som snart står på historisk museum, og ungdomen ikkje skjønar kva er. På nynorsk heiter det skriftkastar. Under diskotek på barneskulen brukte vi å skrible med forskjellige fargar på arka vi la oppå, også bevegde vi på arket slik at det vart som diskolys. Slik lagde vi disko på bøgda.
Spørs om teateretaten har tenkt å bruke overheaden skriftkastaren på same måte som vi gjorde på nittitalet. Ein overhead skriftkastar har så mange bruksområdar, vil den brukast til visuelle reiser eller til fagleg opplysning i denne forestillinga? Kjem alt dette til å gå over hodet på oss? Vil overheaden skriftkastaren få ein renessanse no?
Desse spørsmåla får du kanskje svar på om du kjem på cornerteateret og ser OH – som jeg er i kveld eller i morgon.
– Ingrid