I år har vi bestemt oss for at vi skal ha eit felles forsett – for det er jo mykje kjekkare å gjere ting saman.
Frontlosjen presenterer:
Det STORE teateråret!
Med andre ord skal vi sjå minst fem store teateropplevingar som ikkje er i Bergen. Det kan vere ein festival ein annan plass, eller ein klassiker på Nationalteateret eller eit av dei store utandørsspela. Aller helst bør vi klare ein teatertur til det store utlandet også. Forestilling på Os tel, men ikkje fem forestillingar på OS – det vil vere juks.
Juks: Dette er juks: å dra til Os fem gonger.
Riktig: Dette er riktig: teatertur til utlandet.
Men kva skal straffen vere om vi ikkje klarar det? Gi oss gjerne forslag, så velger vi det beste, eventuelt verste.
-Ingrid og Ragnhild