Kategorier
Hendingar Livsstil

Vafler vs. bakgardssal

Bloggebakgardsalet på laurdag var ein braksuksess.

Bloggebakgardsalet på laurdag var ein braksuksess. Eller, vaflene var ein braksuksess. Vi gjorde klar bakgarden med ambiente salsobjekt og eit heimelaga banner for anledningen. Innbydande! Ingrid sett opp plakater til sals. Før vi hadde rukke å opne dørene oppdaga vi at enkelte til og med hadde overnatta for å sikre seg dei beste tinga. Dedikert! Vi tok på oss dei beste selgerglisa våre. Her var noko av det vi kunne freiste med:

Kjendfolk hadde allereie begynt å stille seg i kø lenge før vi opna, og då vi opna dørene strakk køen seg langt rundt husjørnet.

Så var det tid for å opne butikken og folket flokka seg rundt … vaflane. Likevel prøvde Ingrid å selge ein suksessrik kjole til ein av kundane, men han ville heller kjøpe seg ei krone.

Men dei aller fleste var i grunn mest interessert i det som var gratis. Suksessoppskrifta til eit vellukka arrangement: VAFLER. Vi åt i grunnen så mykje vafler at vi gløymte litt sjølve bakgardssalet, så vi må nok ha ein restefest snart, men utan vafler.

Ragnhild sette til dømes rekord i vaflar med litt for mykje rømme på, og er framleis mett.

Stængt no!

– Ingrid og Ragnhild

2 svar til “Vafler vs. bakgardssal”

Vi kan alltids lage fleire vaflar seinare. Kanskje den raude kjolen vil kle deg? Eirik kjøpte ikkje den likevel.

Det er stengt for kommentarer.