Tilstades: Alan Lucien Øyen, Luke George, Heine Avdal & Yukiko Shinozaki, Steven Cohen
Siste dagen med vår fantastiske geometriske artistsnakk kan best omtalast som kreativt kaos, evt kaotisk gull.
Kaotisk fordi det faktum at tre av gjestane måtte gå litt tidleg, og vi hadde dårleg samvit for å legge beslag på dei, og fordi poster-boy Steve kom seinare enn kongen. Det siste var ei fantastisk overrasking, sidan vi hadde fått ein mystisk beskjed om at han ikkje kom i det heile.
Kreativt var det fordi vi lærte mykje om både produksjonar og det som er viktig å få med seg her i livet. Alle hadde mykje og fortelle, og vi trakk særleg ein viktig lærdom: publikumsdeltaking er på moten att! Watch out, seier vi berre.
Gull var det i kraft av at det etter kvart kom fram kosteleg informasjon. Heine Avdal dansa breakdance på åttitalet, og tente til og med litt pengar på det. Ein ung Alan Øyen satt på rumpa heile livet, og kjende seg litt snytt da han som 16-åring fekk fortalt at hjartet veks mest mellom 12 og 16 år. Da måtte han jo byrje å danse, overtydd om at han hadde eit veldig lite hjarte.
– Note to self: ta smilekurs til neste gong.
om teatervitarar er vi sjølvsagt interessert i dei store spørsmåla som «is this dance»? Steve kalte framsyningane han viste på oktoberdans for dans, nettopp fordi det er ein dansefestival. Alt er ikkje dans, men det er av og til viktig å argumentere for at noko er det. Steve la til at det er kunst som er det viktige omgrepet, og Alan poengterte at det uansett er scenekunst. Berre så synd at når ein først kjem inn i slike gode diskusjonar så er tida over. Men det viktigaste er vel ikkje å gi svara, men å stille spørsmåla?
Sjokomjølkrapport: Ingen av dei fem artistane drakk ein dråpe. Dei var alle så opptatt av at dei skulle ha framsyning seinare, og Luke seier rett nok i oppvisninga at han «never could let myself go, I never could get fat» – relativt fritt sitert. Steve måtte jo så klart poengtere at han hadde eit bittelite korsett han skulle passe inn i, men dei har jo snøring du kan løsne på! Uansett sneik det seg opp nokon frå publikum og forsynte seg, og Cohen tok med kinderegg til nannyen sin, så vi vart berre litt fornærma.
– Ragnhild er glad for at det var meir kinderegg att til ho.
– Også må vi sjølvsagt få takke vårt eminente publikum for at de ville sjå og høyre oss!
Ein trekanta konklusjon etter ei veke med artistsnakk: neste gong blir det stangselleri til kaffien!
– Ragnhild og Ingrid
1 svar til “Trekant dag 3 – No milk today”
[…] i si eiga verd vart vi nesten målbunde av. Det skal ein god del til for å målbinde oss, saman. Steve tok med kinderegg til ho fordi ho ikkje likte seg i […]