Kategorier
Fashion Hendingar

Terningen er trilla, del II

Antrekk på immaturusprisene – vi kastar terning.

 

Her kjem andre del av antrekka frå immaturusprisane 2012. Nyt det! (her kan de forresten sjå første del)

Veslemøy, prisvinnande skodespelarinne: Festleg todelt kjole som får ho til å sjå vaksen ut. Slik som Meryl Streep gikk Veslemøy for gull – noko vi alltid har sansen for.
Vanleg: 1
Fantasy: 6

Nils, nestleiar i Immaturus: Vakker, klassisk. Men kvitt slips – trur du at du er italiensk mafia, eller?
Vanleg: 3
Fantasy: 4

Ragnhild: prisvinnande handywoman: Ragnhild har funne ein farge som kler ho – bruk blått oftare! Men fugletematikken kjem litt seint. Måken er historie – get over it! Skoa var det beste med dette antrekket – dei vil vi òg ha.
Vanleg: 6
Fantasy: 18

Persijn, prisvinnande plakatdesigner: Eller var det Josh Hartnett som tok turen innom? Lekkert med sløyfe, men vi skulle gjerne sett at du hadde litt lekrare sko.
Vanleg: 2
Fanasy: 19

Silje, medlem i kunstnarisk råd: Som tatt ut frå ein film frå 40-talet. Silje blandar moderne snitt (hårfrisyren) og tidstypisk kjole på ein særs elegant måte, sjølv om vi gjerne skulle sett at kjolen var fotsid – det trekker ned.
Vanleg: 4
Fantasy: 2

Line, æresmedlem: Lines spreke kropp passer godt i denne kjolen, som minnar litt om ei gresk gudinne. Vi hadde likevel ønskja oss nok meir dristig, gjerne inspirert av Lady Gaga eller Marit Bjørgen. Show some muscles!
Vanleg: 4
Fanasy: 2

John Magnus, avtroppande teatersjef: Har du ikkje lært at mismatching er sååå 2007? Visar personlegdom og at han tydeleg er fan av sin namnebror, Elton John.
Vanleg: 5
Fantasy: 4

Fredrik, regissør: Stilig dress, fin detalj med silkekanten. Gjer det heile uformelt med skjorta utanfor buksa og converse-sko.
Vanleg: 2
Fantasy: 10

Linnea, påtroppande teatersjef: Linnea hadde det lengste slepet for kvelden. Taylor Swift møtar Marie Antoinette. Men slepet var det ikkje lagt så mykje arbeid i, kan du eigentleg sy Linnea?
Vanleg: 2
Fantasy: 8