Kategorier
Fashion Hendingar

Terningen er trilla, del 1

Vi vurderer folkets outfits frå Immaturusprisene.

På laurdag var som de har fått med dykk Immaturusprisene 2012. Vi satt oss ned med skjema, terningar og eit kritisk blikk. Her kjem terningkasta på antrekka.

Så rettferdige vi er og så fan av tilfeldighetar som er (?), trilla vi faktiske terningar til kvart antrekk. Vi trilla to typar terningar, ein vanleg 6-siders terning, og ein sånn fancy fantasy-rollespelt-terning med 20 sider, så kan de eventuelt lage ein gjennomsnittssum til kvart antrekk om de vil.

Mari, prisvinnande regissør: Paljettar er aldri feil på slike arrangement, sjølv om vi får litt meir MGP-feeling enn oscar-feeling. Bukse kan jo vere minst like festleg som ein kjole.
Vanleg: 2
Fantasy: 14

Ragna, prisutdelande produsent: WTF lizzm, skjønar ikkje greia med solbrillene. Og kvifor har ho med seg popcorn? Finn deg ein stylist Ragna!
Vanleg:5
Fantasy: 1

Sigrid, nyvald medlem i kunstnarisk råd: Ein latino-inspirert kjole som nesten utkonkurrerte Ingrid sin splitt (Ragn.anm.: du vart lett utkonkurrert, Ingrid!). Flatterende snitt og farger til Sigrids solbrune kropp. Dette er vakkert!
Vanleg: 6
Fanasy: 4

Luna, dekorassistent og fleirkulturelt alibi: Fine perler, men det ser ut som ho skal i 80-årslag. Det eksotiske innslaget av lærdøl trekk opp. Denne dama går nok ikkje heim åleine!
Vanleg: 2
Fantasy: 3

Svein, sexy immaturuser: sexy!
Vanleg: 4
Fanasy: 4

Morten, nominert for årets beste rumpe: Vi hadde eigentleg forventa at Morten kom meir lettkledd. Hot hårsveis og ei litt kul t-skjorte i kombinasjon med dressbukse. Sjarmis som vanleg, men vi seier likevel: try hard!
Vanleg: 2
Fantasy: 8

Line, singer-songwriter-talent: Line er lekker i gult, og blonder er jo dødsmoderne! Men kanskje litt mismatch med kvite sko? Ein leiken kjole som vekker blikkfang i blant eit elles så mørkkledd klientell.
Vanleg: 6
Fanasy: 7

Nina, gammel traver: Nina har oransje hår og med den oransje veska og det oransje mønsteret i kjolen kunne fort blitt litt too much, men det funkar! Og  tangerine er jo vårens kulaste farge! Kanskje litt meir grasiøse sko neste gong, så er du der.
Vanleg: 1
Fantasy:18

Thomas, også kjend som Frank-n-Furter. Køyrer bad-boy-stilen. «Er det så nøye å pynte seg lizmm”? – ser for oss at det var det han tenkte da han tok noko random frå skapet.
Vanleg: 6
Fantasy: 1

Del II av antrekksdommen kjem i nær framtid, vi skal berre feire nasjonaldagen først!

1 svar til “Terningen er trilla, del 1”

Det er stengt for kommentarer.