Kategorier
Hendingar

Som ein ropar i skogen får ein svar

Ragnhild gjekk seg ein tur på stien før KAZAK.

I kveld skal eg sjekke kva svar som dukkar opp når eg ropar inn i dei djupe skogane til Cornerteateret. Kanskje blir det episk, kanskje blir det ein triveleg samtale. Kanskje kjem eg i slosskamp med ein gjeng hardbarka grantre, eller berre snublar i ein gammal stubbe.

Uansett håpar eg at eg ser deg der, kjære lesar, for det kjem garantert til å vere verdt det: sjølv om eg kan kome til å kjede deg halvt til daude får du jo sjå NONcompanys Kazak rett etterpå!

Torsdag 6. mars kl. 18.00: BIT Teatergarasjen arrangerer «Det det går i: Som man roper i skogen får man svar» før KAZAK: Kazak på Cornerteateret.

DSC04361_

DSC04366_

DSC04368_

Grøn brokkoli-10_

– Ragnhild

 

1 svar til “Som ein ropar i skogen får ein svar”

Det er stengt for kommentarer.