Kategorier
Hendingar

Snart kjem straffa

Ragnhild har tatt ein sniktitt på Hordaland teaters nye forestilling, «straff»

Eller – vi får i det alle fall sjå ho.

Kva er eigentleg straff?
På fredag har nemleg Hordaland teater urpremiere på det Tore Vagn Lid har kalla eit sørgjespel – fordi straff er eit spel, og temmeleg sørgjeleg. I dag var eg innom og fekk sjå ein liten smakebit på det som kjem.

Det kunstnariske teamet bak produksjonen har gått grundig til verks og intervjua mange fengselsinnsette. Samla inn historier om dei, og ikkje minst fått ein handfull av dei til å fortelje historier om kvarandre. Det heile blir visst pakka inn i ei slags eventyrvinkling, men kva og korleis skal eg ikkje røpe her no.

 «Målet med spelet er å koma seg ut av spelet»
Men det eg kan seie noko om, er eit anna tydeleg dramaturgisk grep: brettspelet.
For det å vere kriminell er visst mykje det same som å spele Stigespelet eller kanskje Monopol. Medan enkelte brikker aldri ser ut til å kome seg av flekken, kjem andre seg nesten heilt fram – for så å ramle ned den lengste stigen og attende til start. Ein ting har dei til felles: det er vanskeleg å nå mål.

Henta frå straff.blog.com (Kyrre Bjørkås)

«Om dei ber oss fortelje sanninga, kjem me til å svara med eit eventyr. Men det vil ikkje sei, at det ikkje er sant»
Stoffet framsyninga byggjer på er i stor grad dokumentarisk. Ingen av aktørane speler same rolle heile vegen, men bytar på brikkene, representerar og viser. Likevel er ikkje dette dokumentar, seier Lid og dei andre, det er forteljing. Eventyr. Intervjuobjekta fortel sjeldan si eiga historie, og ein brikke er samansett av fleire skjebnar. Denne gongen skal vi få historia frå innsida, og det er eg glad for. Dokumentarteater blir fort kleint og påtatt, og beveger meg sjeldan. Det er som aktør Tor Christian Bleikli seier: dokumentaren gir det klamme inntrykket frå utsida.

Det heile verkar verkeleg komplisert – både med tanke på dramaturgi og tema. Men målet er at det skal framstå uhyre enkelt, og eg trur dei kanskje kan klare det. Men eg får vente å sjå til fredag – mykje kan skje innan den tid.

Plakaten (Kyrre Bjørkås)

«Straff» – sørgespel – Tekst/regi/konsept: Tore Vagn Lid – Scenografi, video og design: Kyrre Bjørkås – Dramaturg: Roar Sletteland – Musikkdramaturgi/arr: Tore Vagn Lid – Video: Aleksander Andreassen – Lyddesign: Mathias Grønsdal – Lysdesign: Fabian den Otter – Skodespelarar: Tor Christian F. Bleikli – Karoline Krüger – Arild Vestre – Musikarar:
Egil Haugland, Thomas Valeur.

Speles på Logen Teater: Fred. 21. sept. kl.19.30 – Laurd. 22. sept. kl.18 – Laurd. 22. sept. kl.20 – Tysd. 25. sept. kl.19.30 – Onsd. 26. sept. kl. 19.30.

Meir info finn du her.

Fekk du lyst til å sjå Straff no? Det fekk eg.

– Ragnhild