Kategorier
Festival Hendingar

Sleeping beauties

OKTOBERDANS: Ein kvar festival med respekt for seg sjølv burde hatt ein «Happy Gorilla Powernap Shop»

Under Oktoberdans synar Happy Gorilla Dance Company forestillinga Exit Strategies. Men det mest geniale er i grunnen det som foregår på dagtid i same lokale: Happy Gorilla power nap shop. Ei uke ut i festivalen trengte vi sårt en liten kvil. Her kjem ei illustrert forteljing om korleis vi opplevde dette.

Vi vart ønska velkommen av den blide resepsjonisten Maja. Ho fortalde oss om utvalget med power naps vi kunne velge mellom. Lang eller kort kvil. Med eller utan forteljing. Vifiting av palmeblader. Eller kanskje ein kopp kaffi til å vakne etterpå? Vi gikk for pakka «monkey buzz»: 15 minutter nap, forteljing og ein kopp kaffi til. Litt av alt.

Vi fekk anbefalt å drikke kaffikoppen først, for da ville koffeinet slå inn medan vi nap’a og det ville bli friskare å vakne. Som bileta syner, var begge litt slitne før vi gjekk til køys.

Medan vi drakk kaffien og venta på at køyesenga vår skulle bli ledig (vi måtte jo sjølvsagt dele seng), såg vi på kunsten. Dei hadde skildra teater-noreg i dag på ein særs grisete måte. Vi satte pris på å vere med. Og observante som dei er hadde dei og skifta ut kulturministeren, som satte halen på grisen.

Så var det tid for å sove litt. Det gikk det sjølvsagt ikkje an å ta bilete av. Men det var ei naudsynt og særs behageleg oppleving. Vi vart lest for og etter 15 minutt vart vi vekt og vi fekk bruke så lang tid som vi ville på å vakne (bileta fra oppvakningsprosessen er vi særs nøgde med).

Sidan Ragnhild er eldst, fekk ho ligge i overkøya. Dei hadde pynta med fine puter og blomer i senga. Det føltes kanskje litt uhøfleg å ikkje re opp etter seg, men vi fant ut at det var ein del av sørvisen å sleppe å gjere det sjølv, slik som på hotell.

Ingrid si oppleving:
Ingrid er ikkje så fan av power nap til dagleg. Ho blir berre meir trøtt og gretten av det og føretrekk å sove om natta. Men når ein er litt festival-sliten er dette ein av det mest geniale konseptet ho har høyrdt om. Særleg når det gjerast til ei kunst-hending samstundes. Forteljinga til Ingrid var ganske usamanhengande om noko finansgreier, i behageleg volum og stemme. Ingrid sakna moglegheiten for å få ein nattasang. Så ho sang Pippi Langstrømpe-sangen inni seg (den hadde ho som nattasang da ho var lita. Berre prøv å synge den roleg og behageleg så skal du sjå den funker betre enn det høyrast ut som).

Ragnhild si oppleving:
Ragnhild er veldig fan av å kvile middag, helst i barndomsheimen, der kokekaffien er klar når ho vaknar. Derfor hadde og gleda seg til denne eventen heile veka. Og kvilen innfridde, særleg sidan vi fekk polsk snop til kaffien. Ho tykte god natt-forteljinga om gummi og tulipanar var veldig fin, og merka seg at dei la inn ein setning om fetisjar for å sjekke om ho framleis var vaken. Det var ho, men Ragnhild heldt sjølvklart maska og lata som ingen ting. Ragnhild sin nanny hadde fin teppekjole på seg.

Den danske nannyen som fortalde nattaforteljing til Ingrid hadde forøvrig eit fint antrekk som måtte dokumenterast.

Der var særs effektfullt å drikke kaffien før ein la seg til å nap’e. Det må vi prøve ved seinare høve og. Etterpå var batteria våre fullada, og alle var einige om at det hadde vore ein fin kvil.

– Ragnhild og Ingrid