Kategorier
Hendingar

Samtalar ved eit middagsbord

Når middagen blir kunst.

I går var eg på restaurant og åt eit betre måltid. I utgangspunktet ikkje noko særleg relevant å blogge om. Men når middagen var eit kunstkonsept med det same, blir det sjølvsagt meir relevant.

I Elgesetergate 30b står ein riveklar bygård frå 1911. Sjølv om bygården skal rivast ganske snart, har kunstnarduoen Martinka og Oscar flytta inn for ein månad og opna restaurant. Ein restaurant med eit bord som alle gjestane sitt rundt, saman med kokken og vertinna. Kitchen dialogues er ein del av Constant. Decay. Ei utstilling, performance, installasjon, kunstgreie, som finn stad i bygårdens butikkar og leilighetar fram til slutten av månaden. IMG_05371All maten som serverast på Martinka og Oscar sin restaurant er mat som andre har kasta fra seg. Kvar morgon går dei ut og leitar i søppelkassar ved butikkar og finn fullt brukbar mat som andre har kasta. Derfor blir menyen heilt forskjellig frå gong til gong (Dei hadde vist eit lammelår i frysaren, vurderer å dra dit ein gong til).

Dette er ein tydeleg kommentar til bruk og kast-samfunnet vi har blitt. Alle burde spist eit slikt måltid og blitt litt meir reflektert som forbrukar. Dette er forøvrig ikkje det einaste kunstprosjektet kor Martinka og Oscar brukar søppel som materiale. Snakk om å ta begrepet trash-estetikk til eit nytt nivå. Som dei beskriv sjølv, så er dette

«somewhere in between art and social activism with special focus on environmental question»

Det sosiale møtet rundt middagsbordet er minst like viktig som maten i seg sjølv. Kvifor er det slik at når ein går på restaurant, så sitt alle på kvart sitt bord, er det ikkje koselegare om alle er samla rundt eitt?

IMG_05441

– Vertsskapet.

Dette var første gongen eg gikk aleine på restaurant. Det er noko som aldri har falt meg inn å gjere tidlegare. Folk som et aleine på restaurant er anten veldig einsame eller så er dei på bisnissreise. Eller begge delar. Men det er jo mykje artigare å gå aleine når ein får sitte saman med hyggelige menneske. Sjølv om ikkje alle kjente kvarandre, handla samtalen allereie etter ti minutt om feminisme, og maskulinisme. Og vi vart fort einige om at feminisme i dag handlar mest om likestilling. I alle fall på det personlege plan.

Dessutan likar eg betre kunst som ein sosial interaksjon, enn at tilskodarane berre skal stå og sjå på noko medan dei nippar i glasa sine. Skillet mellom kunstnar og tilskodar opphørar, utan at ein treng å prestere noko utover å ete mat. Er vi sjølv aktørar eller tilskodarar no? Dessutan likar eg alltid mat. Og ambiens er kult!

Obligatoriske bilete av maten. Skulle helst ha instagramma det. Eg må øve meir på SoMe.

IMG_05131Forett: Salat med avokado og noko anna godt. Ja, eg var for oppteken til å prate med dei andre til at eg fekk med meg beskrivelsen av det vi fekk servert.

IMG_05221Hovudrett: Gnokki gnocchi laga av gulrot. Trur eg. I tomatsaus.

IMG_05331Dessert: Litt ut av fokus ser den ut som sørpe som har logge i tre månadar. Men det var altså druesorbet (kokken har faktisk skrella ei og ei drue) på ei seng av ananas toppa med riven sjokolade. Det var best. Den forsvann i munnen min. IMG_05541Så var det påtide å gå heim og kvile middag. Kokken ryddar etter gjestane. IMG_05521Det var lov å donere pengar til prosjektet. IMG_05471Obligatorisk speilbilde med frukt. IMG_05271Du kan bestille bord til Kitchen dialogues her. Fri adgang! PS! om du vil ha noko anna enn vatn å drikke er det lov å ta med seg noko anna.

-Ingrid