Kategorier
Hendingar Livsstil

Immaturusprisene 2012

Ei biletedagbok frå Immaturusprisene 2012

Ein aftan for å hedre seg sjølv og alt det bra teatret vi lagar. Ein aftan med lange kjolar, medaljar, sprudlevatn og eminente prisutdelarar! Sjølv vi ikkje vann nokon pris, er vi ikkje lei oss for det. Det viktigste er jo ikkje å vinne, men å ikkje tape, og om ein er med i Immaturus tapar ein aldri!

Som den gode hipsterbloggaren Ragnhild er kom ho i prikkete kjole, med pressepass og eingangskamera.

Ingrid trudde ho stilte med den høgaste splitten, men fekk hard konkurranse frå nytt medlem i kunstnarisk råd, Sigrid.

Medan prisutdelar Ragna og prisvinnar Mari gikk for ein meir avslappa stil, kor popcorn er minst like viktig som cava (?).

Blant prisutdelarane var høgaste og lågaste skodespelarinne ved Den Nationale Scene

Den avtroppande teatersjefen hadde fått seg nye solbriller for anledningen, for å skjerme fansen – det bør nok vi og begynne med, fordi våre to største fans var der og prøvde å ta oss med heim:

Slik ser nøgde prisvinnarar ut. Ingrid og påtroppande teatersjef, Linnea, var ikkje lei seg for at vi ikkje vant noko pris, men vi kunne jo låne ein juksepris likevel:

Fleire ville vere med og late som dei var prisvinnarar, og Ragnhild lot hennes arvtaking som nestleiar i Immaturus, Nils få klappe på prisen.

Jessica var så heldig og stakk av med den gjevaste av alle prisane, årets immaturuser. Vel fortent, det er ein fryd å ha med Jessica i Immaturus!

I tro immaturusand avslutta kvelden med snasne dansetrinn til evige klassikarar som fångad av en stormvind, freestyler og ikkje minst time warp – ein song du må lære deg dansetrinna til om du skal vere ein ekte immaturusar!

– Ingrid og Ragnhild

 

2 svar til “Immaturusprisene 2012”

Det er stengt for kommentarer.