På fredag spreidde Frontlosjen sin glans over Immaturusprisane.
Det starta med stor stas og prisutdeling, og ikkje minst fersken på greenroomet.
Ragnhild fekk lov til å dele ut prisen for beste plakat, noko som berre er rett for ein rosabloggar som veit at det ytre tel mest. Persijn vant for denne Nærmere-plakaten:

Frontlosjen gratulerar.
Så må vi òg gratulere to søte teknikarar for prisen som Årets Immaturusarar, og sjølvklart verdas beste æresmedlem: Millan. Hipp hipp!
Etter prisdrysset vart det konsert med Årets Immaturuser og resten av Villa people 5.something something. Det var stas.
Festkvelden vart avslutta med heile to dansegolv, og dei staselege frontlosjeføtene måtte springe mellom gangsterpop og nittitalsmusikk ut i dei seine nattetimar.
Men moroa fører òg alvor med seg, og i dag må Frontlosjen ta med seg sin mørbanka nakke og delta i viktige avgjerde på Generalforsamling. Følg med på twitter!
– Ragnhild